Maria Parrs debutbok «Vaffelhjarte» (2005) blir ein 7-episoders fjernsynsserie på NRK Barne-TV i 2011. Denne norske barneboka er selt til seks land.
Atle Knutsen, som har hatt regi på «Linus i svingen» og «Jul i svingen», skal stå for både manus og regi.
I «Vaffelhjarte» følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.
«Vaffelhjarte» vart nominert til Brageprisen i 2005.
Parrs andre bok, «Tonje Glimmerdal» (2009), har også vore ein stor suksess for Samlaget. Boka, som har eit opplag på 12 000, vann Brageprisen og vart nominert til Bokhandlarprisen. I tillegg er boka førebels selt til fem land.
Maria Parr (f. 1981) er frå Fiskå i Vanylven. Ho studerer for tida ved Høgskulen i Volda.
Stikkord: barnebøker









