Aftenposten kritisk til auka maktkonsentrasjon i bokbransjen

mandag 10. januar 2011, kl 0847

Avisa slår fast at bokbransjen er dominert av få aktørar som blir stadig sterkare.

Avisa skriv på leiarplass i helga at kulturministeren frå årsskiftet fornya fastprisordninga for bøker med den grunngjevinga at ordninga gir større breidde for skjønnlitteratur og sakprosa. Statsråden gjekk dermed mot rådet ho fekk frå Konkurransetilsynet.

Avisa viser også til leiar i Forfattarforeininga, Anne Oterholm, som slår fast at opne salskanalar er ein føresetnad for dei støtteordningane og særordningane bokbransjen nyt godt av.

Bakgrunnen er artiklane i førre veke om at Bokklubben Nye Bøker denne våren berre har bøker frå eigarforlaga på listene sine. Klubben er eigd av Aschehoug, Gyldendal og Pax.

Les resten av leiarteigen her.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar