Ipad-applikasjonen til Aftenposten er lasta ned av 40.000 menneske. Frå neste veke kostar appen 49 kroner for abonnentane.
Betalingsviljen på nett er framleis låg i desse e-bok-tider. I Amerika har New York Times begynt å ta betalt for sakene sine på nett, og mange følgjer interessert med på korleis det kjem til å gå.
Her i landet er media meir varsame fordi folk ser ut til å ha vent seg til at artiklar på nett er gratis. I dag fortel administrerande direktør Lars Erik Torjussen i Aftenposten, at abonnentane frå 7. juni må betale 49 kroner ekstra for å få tilgang til avisa og A-magasinet på ipad.
For dei som ikkje abonnerer på papiravisa kostar heile herlegdomen på ipad 239 kroner månaden. Får den andre store Schibsted-avisa, VG, er responsen at dei også vil ta seg betalt i løpet av juni. 80.000 brukarar har så langt lasta ned VG+, fortel redaksjonssjef Espen Langfeldt.
Fagbladet Journalisten følgjer denne utviklinga tett.








