Verdas største bokhandel vil ikkje berre selje bøker.
Tidlegare i haust varsla Amazon at dei kjem med ei ny utgåve av lesebrettet Kindle. Det nye brettet har fått namnet Kindle Fire. Det er i samband med denne lanseringa Amazon vil låne ut e-bøker til kundane, melder nettavisa for IT-bransjen, digi.no.
Ifølgje Wall Street Journal deltar ingen av dei seks største forlaga i den amerikanske marknaden i ordninga.
Forlagsbransjen har lenge vore urolege for at utlån av e-bøker vil skade salet av eldre titlar. Det er også klart at dei store forlaga fryktar Amazons etterkvart mektige grep om bokmarknaden. Selskapet meldte for to veker sidan at de snart vil publisere både papirbøker og e-bøker direkte – utan å ha forlaga som mellomledd.
Lanseringa av e-bøker på utlån kjem eit par veker før Amazon startar å sende ut Kindle Fire, nettbrettet som dei lanserte i september for å konkurrere mellom anna med Apple iPad og Samsungs Galaxy Tab.








