Amazon i allianse med amerikanske bibliotek

onsdag 18. mai 2011, kl 0706

Nettbokhandelen Amazon vil i løpet av året opne for utlån frå 11.000 amerikanske bibliotek på Kindle lesebrett.

Dermed vil brukarane ikkje berre kunne kjøpe bøker frå Amazon, men også låne bøker frå biblioteket på same lesebrett, skriv Aftenposten i dag.

Kindle-bøker kan lesast både på lesebrettet Kindle og på ei rekke nettbrett og smarttelefonar, og er også tilgjengeleg her i landet. Aftenposten er ikkje kjent med om amerikanske bibliotek vil tillate utlån til andre enn dei som bur i Amerika.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar