Ap vil ha lov mot dumping

onsdag 9. februar 2011, kl 1510

Gunn Karin Gjul (Ap), som er leiar for kulturkomiteen på Stortinget, vil erstatte Bokavtalen med ei boklov, for å hindre priskrig på bøker.

- Bokavtalen er ein av bærebjelkane i norsk kulturpolitikk, men ei boklov vil sikre meir stabilitet og gjere tilhøva for bransjen meir føreseielege. Det seier Gunn Karin Gjul til Dagbladet.

Konkurransen i den norske bokmarknaden er i dag regulert av Bokavtalen, som er ein frivillig avtale mellom Bokhandlarforeininga og Forleggarforeininga. Gjennom avtalen kan forlaga mellom anna bestemme fastpris på bøkene dei gir ut. Dette er eit verkemiddel styresmaktene brukar for å gjere det meir lønnsamt å publisere smalare litteratur, skriv avisa.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar