Språkrådet har kåra «askefast» til årets ord i fjor. «App» nådde ikkje opp.
Den askespyande vulkanen på Island fekk stor innverknad på omverda også språkleg. No har Språkrådet kåra «askefast» til årets ord i fjor. «App» nådde ikkje opp, melder NTB.
Leiar i juryen og fungerande direktør i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja, seier det nylagde askeordet har mange positive eigenskapar.
-Det er bygd over ein kjent lest, med to velkjende norske ord. Det er kort, men fortel samtidig mykje, seier Tvitekkja, som trur ordet først oppsto i ei avis, kanskje også i fleire redaksjonar samstundes.
«150 deltakere, flertallet av dem topper fra politikk og næringsliv i Nord-Norge, er værfast i Brussel. Eller rettere sagt; de er «askefast» i EU-hovedstaden», skreiv Nordlys 15. april.
Det var ein av dei første gongane ordet blei brukt, då med gåseauge. Dei ble raskt borte, og etter fire dagar med askerapportering fekk ordet 22.600 treff på Google.
- Typisk for pressespråket er jo å økonomisere med ord, å få sagt mest mogleg på kort tid. «Askefast» er også eit døme på at ein i norsk kan lage uendeleg mange nye ord ved å setje saman fleire kjende ord. Fleire samanstillingar dalte ned frå askeskyene, til dømes nettopp «askesky». «Askekrise» er kanskje eit døme på at det til slutt går inflasjon i ord, som dermed blir klisjéprega, seier Tvitekkja.
«App» fekk ikkje napp hos Språkrådet, sjølv om ordet absolutt var framme i diskusjonen. Språkforskar Gisle Andersen ved Noregs Handelshøgskule i Bergen plasserte i NRK kortforma for applikasjon (engelsk application) på toppen av si liste over nyord. App er eit anna ord for program og blir brukt i samband med mobilar og nettbrett. Språkrådets sjef er samd i at ordet er spennande, og ho er særleg glad for at det følgjer norsk bøyingsmønster: ein app, appen, appar, appane.
Av andre ord som blei vurderte, vil Tvitekkja trekke fram nettbrett, eller lesebrett. Begge er i ferd med å festne seg, side om side med merkevarenamna iPad, Galaxy og Kindle.
- Det viser at hvis du er rask med å lage eit norsk avløysarord når eit nytt fenomen dukkar opp, så er det mogleg å få etablert det, seier Tvitekkja.








