Bjørnstad selt til Tyskland

onsdag 12. januar 2011, kl 0854

Ketil Bjørnstads komande roman er førehandsselt til Tyskland, melder Aschehoug.

Det tyske forlaget Suhrkamp har alleiere kjøpt Ketil Bjørnstads komande roman, som blir lansert på norsk i februar.

Boka handlar om ein mann som nærmar seg 60 og bur i Holmenkollåsen saman med familien. Svigeforeldra bur i etasjen over, og hans eigne foreldre er i ferd med å bli pleietrengande. Skal vi tru forlaget er dette eit tema som er lite berørt i norsk samtidslitteratur: Ein aldrande mann som har omsorgsansvar for både foreldre og barn, samstundes som eigne problem tårnar seg opp.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar