Bokkilden kjempar om førsteplassen

onsdag 9. februar 2011, kl 0802

Ambisjonen er å vere størst på nett innan eitt til to år.

- Vi hadde eit fantastisk julesalg, og auka med 41 prosent frå 2009. Det seier Kjersti Myre Lessum (40), ny sjef for nettbokhandelen Bokkilden. I år reknar ho med å omsetje for mellom 80 og 90 millionar kroner. Konkurrenten Haugenbok i Volda er ikkje klar til å gje frå seg leiartittelen, skriv Dagens Næringsliv i dagens papirutgåve.

- Vi hadde 110 millionar kroner i omsetnad i 2010 og har opplevd 10-15 prosent vekst i januar, seier dagleg leiar Lars-Ove Hammer i Haugenbok.

Nettbokhandel Capris opplyser at dei fekk ein omsetnad på 56,5 millionar kroner i 2010.

Bokkilden vil ikkje seie noko om omsetnadstal for 2010, men opplyser at selskapet hadde ein vekst på 20 prosent i siste halvår av 2010.

Eigd av De norske Bokklubbene
- Bokklubb er utfordrande. Vi ser ein nedadgåande trend, men vi klarer oss veldig mykje betre enn nabolanda. Der har fallet vore mykje brattare, seier Lessum.

Nettbokhandlane sel fysiske bøker, og framleis herskar uvissa omkring overgangen til elektronisk distribusjon av e-bøker. Både Bokkilden og Haugenbok er med på bransjeløysinga Bokdatabasen.no, som arbeider med tilrettelegging av norsk e-boksalg.

- Vi sel ein del lesebrett, men eg trur vi vil sjå bøker overleve i alle format framover, seier Kjersti Myre Lessum. Ho seier Bokkilden får mange spørsmål frå kundar som lurer på når e-bøkene er klare for sal.

- For å seie det slik: Det er i alle fall ikkje vi ikkje vi som bremsar den prosessen, seier Lessum.

Det er framleis uavklart korleis reglane blir for moms på e-bøker. Dette har mellom anna resultert i at ein enno ikkje kan kjøpe norske e-bøker frå dei største forlaga, ifølgje avisa.

Også Haugenbok står klar med e-bøker, men der er ambisjonane litt mindre:

- Vi trur marknaden for e-bøker vil vere liten i starten. Det vil nok ta mange år før det blir skikkeleg lønsemed i dette, seier Lars-Ove Hammer i Haugenbok.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar