Bokskya leverer ikkje veldig bra, men direktør Edmund Austigard trur framleis på prosjektet trass i all kritikk.
- Vi har nok vore for dårlege til å kommunisere at dette berre er første steg, seier Austigard.
Han er overtydd om at løysinga på sikt kjem til å bli bra. Det er Den norske Bokdatabasen som har utvikla Bokskya-appen, som har fått hard kritikk, først og fremst for ikkje å vere brukarvennleg nok.
Sidan starten for to månader sidan har Bokbasens distribusjonssentral levert cirka 20.000 e-bøker. Det meiner Austigard er eit bra tal.
- Samanliknar vi med til dømes svenske E-Lib, som har eksistert lenger enn oss, opererer dei med cirka 4.000 nedlasta filer i månaden. Då meiner eg vi kan vere nøgde med 10.000 per månad, seier han til Norsk Telegrambyrå.









Vi nærmer oss 1000 stk solgte :-) fra egen plattform med egen løsning.
/Jan@lillemaane.no