Konkurransetilsynet er i innspurten med fusjonen mellom Norli og Libris.
Konkurransesituasjonen i bokmarknaden er kompliserte greier, og det kan ikkje vere lett å vere Konkurransetilsyn. Vi er mange som ventar på avgjerda frå Bergen med beskjed om kor vidt den planlagde fusjonen mellom Norli og Libris blir stoppa eller ei. Dei to kjedene får til saman 35 prosent av bokhandlarmarknaden, ifølgje nye tal frå Libris.
I siste nummer av Bok & samfunn seier den tidlegare sjeføkonomen i Konkurransetilsynet, professor Tommy Staahl Gabrielsen, at bransjeavtalen (les: avtalen mellom Bokhandlarforeininga og Forleggarforeininga om fastpris på bøker) er viktig når tilsynet vurderer om dei skal gripe inn mot den nye kjempa i norsk bokhandel. Professoren frå Universitetet i Bergen seier avtalen hemmar konkurransen i bokmarknaden, og at dette er ei viktig årsak til at tilsynet truleg ser med kritiske auge på fusjonen, som kan gje enda mindre konkurranse.
Før jul sette altså regjeringa foten ned med beskjed om at fastpris er viktig for å sikre mangfaldet for ny norsk litteratur. Argumentet frå regjeringa er det motsette av det Konkurransetilsynet forfektar, nemleg at konkurranse fører til meir fokus på bestseljarane, og dermed smalare utval for oss som vil kjøpe bøker.
Dei frie marknadskreftene
Kva så med mandatet til Konkurransetilsynet i den planlagde fusjonen mellom Norli og Libris? Konkurranselova av 2004 skal fremje konkurranse for å bidra til effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Lova forbyr samarbeid som avgrensar konkurranse og misbruk av dominerande stilling. Oppgåva til Konkurransetilsynet er å passe på at lova fungerer slik Stortinget har tenkt. Det er med andre ord den usynlege handa til Adam Smith som vakar over vatna her, og det er innanfor denne marknadslogikken vi må forstå spørsmåla Konkurransetilsynet no balar med.
Poenget til professoren frå Bergen er at konkurransen i bokmarknaden allereie er hemma av fastprisavtalen når tilsynet vurderer fusjonen mellom Norli og Libris. Fører fusjonen til enda mindre konkurranse er det sannsynleg at tilsynet grip inn og stoppar planane. Dersom dette likevel ikkje er tilfelle, kan fusjonen gå sin gang. Ifølgje Staahl Gabrielsen er marknadsdelen på 35 prosent åleine ikkje nok til å stoppe fusjonen.
Det er vanskeleg å spå kva utfall ein slik fusjon vil få, men på vegne av bokkjøparane håpar vi breidda i det norske boktilbodet blir oppretthalde enten utfallet blir slik eller slik. Frå Bok & samfunn si side er vi grunnleggande skeptiske til ein så stor aktør i eit så lite språksamfunn som det norske. Ei kvar regulering av bokmarknaden handlar om langt meir enn kroner og ører, og for oss vil dei overordna kulturpolitiske måla alltid vere det viktigaste. Seinare denne månaden veit vi truleg meir.









