- Buskerud fylkesbibliotek framstår som ein pioner for alle som er interesserte i framtida for biblioteka, seier leiar i Norsk bibliotekforening, Svein Arne Tinnesand.
Eit av tiltaka prisvinnaren har gjennomført med suksess, er ein reisande «gerilja» som ryddar opp i bibliotekhyllene, skriv Nationen i dagens papirutgåve.
Tinnesand, som også er juryleiar for kåringa, seier han er glad for å kunne gje prisen til eit bibliotek som er viktig ikkje berre for Buskerud, men for heile landet og i tillegg markerer seg i skandinavisk samanheng:
- Biblioteket har eit fagleg spennande miljø for utvikling og tenkning. Dei bloggar og har tatt i bruk sosiale medier for å synliggjere det dei driv med. Dei er med på å setje dagsorden og gje oss kunnskap om framtida til biblioteka.
Biblioteksjef Trond Minken hos Buskerud Fylkesbibliotek er glad for prisen:
- Vi har gjort nokre dugnadsmessige stunt som vi har fått veldig mykje ut av. Overfylte bibliotek verkar mot si hensikt. Bøker som har stått i ti år utan å bli lest, treng ikkje stå der lenger. Derfor har vi rydda på lager og arkiv.
Omreisande
Gjennom turneen «Lukter det framtid» har dei besøkt fylkets 21 bibliotek, intervjua og publisert førsteinntrykka dokumentert gjennom ein blogg som skal vere til inspirasjon og vidare utvikling. Minken er særleg nøgd med at prosjekta har hausta forståing i kommunane, for at biblioteka spelar ei viktig rolle.
Han understrekar at den digitale utviklinga går fort, med tilhøyrande vanar og krav frå brukarane. Gjennom eit pilotprosjekt har Buskerud Fylkesbibliotek lånt ut 700 lesebrett gjennom tre bibliotek i fylket, og tilbode e-bokutlån, som dei første i landet.
- Så må vi sørge for å gje bibliotekarane meningsfylt arbeid. I den samanheng har vi hatt kurs i litteraturformidling der vi har henta inn hjelp frå teateret, seier han.
Fylkesbiblioteket er sambibliotek med Drammensbiblioteket, og blir i bransjen omtalt som bibliotekas laboratorium. Dette er andre gongen eit fylkesbibliotek får prisen årets bibliotek, sist var det Østfold.









[...] Bok og samfunn omtale av tildelingen Dette innlegget ble publisert i Forsidenyhet. Bokmerk permalenken. ← Heftet fra Ungdomsbokgildet 2010 Stor aktivitet i hallingdalsbiblioteka! → [...]