Cappelen Damm med bok om høgreekstremisme

fredag 12. august 2011, kl 1211

- Gjennom bruk av ei rekkje konkrete døme, teiknar frilansjournalist Øyvind Strømmen eit samansett, men tydeleg bilete av det anti-islamske Europa, ifølgje forlaget.

Forfattaren har gjennom fleire år følgd med på det høgreekstreme miljøet i Noreg og Europa.

- Gjennom bruk av ei rekkje konkrete, døme teiknar Strømmen eit samansett, men tydeleg bilete av det anti-islamske Europa – frå konspirasjonsteoretikarane til demografipanikarane, frå forfatteren Oriana Fallaci til høgreekstreme parti som Vlaams Belang og Front National, via bloggarane i miljøet kring Vienna-skulen, med norske Fjordman som ein av dei mest markante røystene, heiter det i pressemeldinga frå forlaget.

Forfattaren skal også fortelje historia om høgreekstrem terror dei siste tiåra, som bomba i Oslo i 1985, brannstifting mot asylmottak på 1980- og 1990-talet, og om andre typar politisk vald frå ekstremhøgre, som dei to lasermennene i Sverige.

Boka skal etter planen kome ut i november.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar