Samarbeid om netthandel

torsdag 5. mai 2011, kl 0928

Samlaget og Cappelen Damm inngår avtale der Samlaget kjøper Cappelen Damms netthandelsløysing for sal av trykte og digitale læremiddel.

Dei to forlaga vil ha teknisk sett like løysingar for katalogsøk, innkjøp og betaling av trykte læremiddel og for kjøp og pålogging til digitale ressursar bl.a. integrert med Feide. Samarbeidet vil gjere det enklare for alle skolar å få tilgang til både trykte og digitale læremiddel frå dei to forlaga.

Det er Samlaget som melder dette i ei pressemelding.

Netthandelsløysinga til Cappelen Damm, www.cdu.no (http://www.cdu.no) og www.cda.no (http://www.cda.no), har vore i drift i eitt år, medan løysinga til Samlaget blir lansert før skolestart i år. Cappelen Damm og Samlaget har til saman ei stor breidd når det gjeld læremiddel og også veleigna skjønnlitteratur på både nynorsk og bokmål som passar i undervisninga. Den felles tekniske plattforma gjer det enklere for skolekundar og skolebrukarar å kjenne seg igjen i det digitale universet og forenkle arbeidet med administrasjon og bruk av lisensierte digitale læremiddel.

- Avtalen betyr at vi tek eit klart steg inn i den digitale verda, noko vi elles ville brukt mykje tid på å få til, seier Tom Skovdahl, konsituert direktør i Samlaget, som har stor tru på avtalen.

- Vi er glade for at Samlaget valde vår løsning. Dette kan også gi grobotn for samarbeid på andre område, seier Anders Skogvold, direktør i Cappelen Damm undervisning.

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar