Dansk litteratursatsing

mandag 14. november 2011, kl 0949

Meir bokstoff: 90 fleire minutt i veka for dansk TV2 og Danmarks Radio til saman.

Det er det danske bransjebladet, Bogmarkedet, som melder dette på sine nettsider.

Fleire nye kulturprogram på radio og tv ser dagens lys, og med det blir også boka meir synleg hos naboen vår i sør. Program som Dagens Diktar og Ordkraft på DR, Tekst-TV på DR2, daglege kulturnyhende på TV2 News og ein ny radiokanal med fem kultur- og litteraturprogram, gjev auka mangfald.

At bokstoff får større plass i media vekker sjølvsagt glede i den danske bokbransjen, der aktørar også ser eit auka salspotensiale.

- Vi håpar på eit godt samarbeid der vår ambisjon er at desse nye sendeflatene inngår også i vår eigen pressestrategi på same vis som for andre medier. Det seier Søren Anker Madsen, som er marketingdirektør i forlaget Lindhardt og Ringhof.

Han meiner utviklinga bidrar til å auka danskanes fokus på litteratur.

Utviklinga gleder også Jakob Kvist, som er kreativ direktør i People’sPress. Han meiner medias stigande interesse, viser at folk i Dannmark er blitt meir begeistra for boka – mellom anna fordi boka i kraft av ei lang rekke faktorar og herunder supermarknadens innmarsj i marknaden, no blir tatt ned frå pidestallen og demokratisert som medium.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar