Danskane diskuterer fastpris

onsdag 14. september 2011, kl 0942

Under eit år etter at danskane kvitta seg med fastprisen, diskuterer dei no å gjeninnføre ordninga.

Det er det danske søsterorganet til Bok & samfunn, BokMarkedet, som melder dette på sine heimesider.

Fleire danske forlag tar no til orde for fastpris både på papirbøker og e-bøker dei første månadane bøkene er i handelen.

Etter at forfattar Jussi Adler-Olsen foreslo karenstid på seks til åtte månadar med fastpris har diskusjonen på andre sida av Skagerrak gått høgt.

- Ingen som forstår økonomi vil vel hevde at frie bokprisar er ein god ide. Ingen i bransjen tener pengar, og det betyr at på sikt kjem det danske språket til å bli utvatna fordi det vil vere mindre rom for smale utgjevingar, seier Helle Busck Fensvig. Busck Fensvig er administrerande direktør i Arnold Busck-kjeden, som med sine 34 butikkar og nettbutikk er leiande på sal av bøker og papir til den danske marknaden.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar