Mellomstore forlag meiner e-boksatsinga blir for dyr

onsdag 23. mars 2011, kl 0852

Få av dei mellomstore forlaga har signert e-bokavtale med Bokdatabasen fordi dei meiner vilkåra er urimelege. Bokdatabasen er eigd av dei tre store.

Bokbransjen kjem ikkje i hamn med eit felles opplegg til e-bokløysing til lanseringa 4. april, skriv Aftenposten i dag. Få av dei mellomstore forlaga har signert avtale.

Måndag 4. april skal den norske e-bokløysinga Bokskya lanserast. Aktørane bak er dei tre store forlagshusa Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm som har gått saman for at bokbransjen skal få ei felles ebokløysing.

Aftenposten har snakka med ti forlag der nokre seier dei kanskje er med på ei løysing seinare, dersom vilkåar blir bere. Andre seier det er uaktuelt å vere med i det heile.

- Det er uheldig at det ikkje blir ein felles avtale. Men vi har fått presentert ein kontrakt vi ikkje kan leve med. Kagge Forlag kjem ikkje til å skrive under på dette, seier forlagssjef Anne Gaathaug i Kagge.

- Det er ei felles haldning at dette er ein litt for råtten deal, seier dagleg leiar Håkon Harket i Forlaget Press.

- Eg har fem titlar ferdig produserte og klar til opplasting. Men det er vanskeleg å forstå at det skal bli så dyrt, seier forlagssjef Finn Jørgen Solberg i Vega Forlag.

- Det kostar meir å distribuere ei e-bok enn å køyre ei fysisk bok frå Oslo til Alta, seier forleggar Arve Juritzen i Juritzen Forlag.

Mange forlag utanfor
Fleire av dei største forlaga etter dei tre store er mellom dei som ikkje er med i Bokskya frå starten. Det gjeld Schibsted, Vigmostad & Bjørke, Press, Samlaget, Juritzen, Bazar, Vega, Spartacus, Kagge, Pantagruel og Piratforlaget.

- Vi har ikkje avslutta forhandlingane. Korleis det går, veit eg ikkje, men vi kjem ikkje til å vere der frå 4. april i hvert fall, seier forlagsdirektør Vebjørn Rogne.

Bokskya, som skal drivast av Den norske Bokdatabasen, vil ha ti prosent frå forlaget av kvar e-bok som blir selt. I tillegg kjem fortenesta forlaget skal betale til nettbokhandelen.

- Sett i forhold til kva bokhandelen kjem til å krevje, blir dette altfor dyrt, seier Anne Gaathaug.

- Vi har ikkje hørt frå nettbokhandlarane, vi veit ikkje kva dei skal ha. Vi føler på alle måtar at vi må sitje på gjerdet, seier Arve Juritzen.

Forleggar Alexander Elgurén i Pantagruel ser på Bokskya som ei tollavgift.

- Maktsystemet i bokbransjen har laga ein tollstasjon som vi alle må igjennom. Dette er berre mogleg så lenge dei opptrer samordna. Det gjere dei denne gongen også. Dette er nesten litt for openlyst, og det er berre Konkurransetilsynet som ikkje forstår det.

- Ikkje dramatisk
Administrerande direktør i Den norske Bokdatabasen, Edmund Austigard, som også har ansvaret for Bokskya, seier det ikkje er dramatisk at mange forlag ikkje er med.

- Mange aktører vil vente og sjå. Mange forlag har også skrive kontrakt. 19 forlag utanom eigarforlaga har skrive kontrakt. Det som er den store motoren for Bokskya er at ho kjem til å vere knytta opp mot dei store norske nettbokhandlarane frå ein. Vårt fokus ligg no på å komme i gang.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar