I dag fyller Bob Dylan 70, samstundes som litteraturfestivalen på Lillehammer opnar.
I kveld opnar festivalen på Lillehammer og i morgon blir det Dylan night i Kulturhuset Banken. Litteraturfestivalen på Lillehammer er landets største og blir i år arrangert for 17. gong. I fjor var besøkstalet på 25.000 betalande, halvparten av desse var tilreisande.
Bob Dylan, eller Robert Allen Zimmermann som han eigentleg heiter, har gjennom 45 år vore ein av verdas mest innflytelsesrike artistar. Mange meiner han burde fått Nobelprisen i litteratur for tekstane sine. På Lillehammer vil fleire norske forfattarar og artistar hylle Dylan på kvar sin måte.
I vinter utfordra festivalen alle interesserte til å gjendikte Lay Lady Lay fra 1969 til norsk, og mange gode forslag kom inn. Kveldens høgdepunkt blir framføringa av vinnarteksten. Jan Erik Vold og Kåre Virud tolkar Dylan med utgangspunkt i Volds Dylan-oversettingar Damer i regn fra 1977. Håvard Rem har gjendikta Dylan til norsk og kom i 2005 med boka Bob Dylan. Dagbladets Fredrik Wandrup er programleiar. Her er nokre linjer Jan Erik Vold har skrive i forkant av Lillehammer, saksa frå festivalprogrammet:
Lillehammer Lillehammer, hei!
Her kommer Kåre Virud også jeg.
Vi kjører Dylan på trettifemte året.
Det er så en må klype seg i låret.
Men vi vikke væra så aleine.
Hele folket må bli steine.
Bok & samfunn gratulerer!








