Egmont bikkar ein milliard

mandag 7. mars 2011, kl 1125

Det danske mediekonsernet Egmont set rekord med eit driftsresultat på over ein milliard danske kroner.

Egmont oppnådde i 2010 sitt høgste driftsresultat med 1,015 milliardar danske kroner og eit overskot før skatt på 450 millionar. I ei melding publisert i føremiddag fortel konsernsjef Steffen Kragh at dei gode resultata skuldast framgang i dei fleste forretningsområda samt sterkare marknadsposisjon.

Samanlikna med tilsvarande resultat i 2009 er framgangen på 84 millionar danske kroner. Den gongen var driftsoverskotet på 931 millionar danske kroner. Også overskotet før skatt løftar seg frå 350 millionar danske kroner i 2009, skriv Kampanje.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar