Når sakprosaforfattarane Strøksnes og Figueiredo søkjer om medlemskap i ei skjønnlitterær forfattarforeining, er det eit sikkert teikn på at NFF har utspilt si rolle som fagforeining. Det meiner forfattar Espen Søbye.
Den profilerte litteraturkritikaren seier til Klassekampen i dag at dersom NFF (Norsk faglitterær forfatterforening) som fagforeining ikkje klarer å sikre gode vilkår for sakprosaforfattarane, vil dei profesjonelle heiltidsforfattarane forsvinne.
Etterat Ivo de Figueiredo og Morten Strøksnes i ein kronikk i Aftenposten 25. januar meddelte at Den norske Forfatterforening (DnF) hadde avslått søknadar frå dei om medlemskap, har debatten gått om sjenerøsitet og faglege krav.
- Norsk faglitterær forfatterforening har ein politikk som går ut på å smørje pengane tynt utover slik at så mange som mogleg skal få del i dei. Men i lang tid har ein opposisjon innad i fagforeininga opponert mot ordninga, seier han.
- Bør NFF bli meir elitistisk?
- Eg meiner dagens ordning bør endrast, fordi eg er kritisk til at NFF ikkje gir langvarige og store stipend til folk som vil gjere det til eit yrke å skrive sakprosa. Mange av desse potensielle heiltidsforfattarane er kvalifiserte for jobbar der dei kan tene 500.000 kroner i året. Om ein då skal klare å rekruttere dei til å skrive sakprosalitteratur, er ein avhengig av å ha skikkelege ordningar. I dag må de skaffe anna finansiering enn støtte frå det som skulle vere den mest opplagte finansieringskjelda.
I desember kom leiar i NFF, Jørgen Lorentzen, med eit forslag om at det burde oppretteast ein eigen pris for sakprosa. «NFF vil nå fremme for Bragekomiteen forslag om at det bør opprettes en egen pris for biografier. Vi vil også diskutere med Kritikerlaget om det skal opprettes en ny pris for sakprosa», skreiv han i eit innlegg i Dagbladet. Latterleg, mener Søbye.
- Lorentzen tilrår ein 100 år gamsl strategi. Sakprosaforfattarane treng ikkje meir paternalisme, men skikkelege arbeidsforhold. Lorentzens forslag går ut fra at dei aller fleste medlemmene i NFF allereie har lønn og nok av pengar, og at dei kunne trenge litt meir ære. Men dei som vil drive med sakprosaskriving på heiltid er ikkje interesserte i ære – det har dei nok av, seier han.








