Thomas Enger er inne blant dei ti mestseljande på listene i Tyskland.
Thomas Enger stig på boklistene over heile Europa. Han har tidlegare arbeidd som journalist, og debuterte med kriminalromanen Skinndød i 2009, som allereie før lanseringa vekte interesse i utlandet. Dette var den første frittståande boka i ein serie på seks bøker om journalisten Henning Juul. Serien er no selt til 17 land. Kari Marstein, som er redaksjonssjef i Gyldendal, seier dei ikkje har opplevd maken til suksess:
- Når han no klatrar på bestseljarlistene i Tyskland, som er Europas største bokmarknad, viser det kva format denne forfattarskapen er i ferd med å få.
Den tyske forleggaren Leena Flegler frå Blanvalet har denne kommentaren:
- Blanvalet har ikkje utgitt noko frå Skandinavia på lenge. Difor er det fantastisk at vi no lukkast så godt med SKINNDØD av Thomas Enger. Eg trudde på boka frå første augneblink, og har jobba hardt for å gjere denne forfattaren til ein suksess i Tyskland. Når vi no har lukkast med nummer 10 på bestseljarlista, feirar vi det med champagne. Gyldendal legg til at på bokmesa i Gøteborg i førre veke var det stort oppmøte av tyske forleggarar, som alle hadde merka seg namnet til Thomas Enger.
Thomas Enger ligg også på fjerdeplass på Island. Før jul i fjor toppa han listene i Danmark.
Her er dei tørre tala for Europa så langt:
Tyskland: Blanvalet hos Bertelsmann/Random House: nr. 10 på Hardcover bestseljarlista, 40.000 ex.
UK: Faber & Faber: Opplag i HC 5.000, massmarket pocket 20.000 – utgjeve juli 2011
USA: Atria/Simon & Schuster : 13.500 første opplag, pocketutgjeving. Lansering i oktober.
Island: Uppheimar: 3.500 eks., Nr. 4. på bestseljarlista.
Italia: Iperborea: 12.000 eks., ny bok under omsetjing.
Danmark: Forlaget Modtryk utga i fjor, sal 40.000 eks., FANTOMSMERTE kjem i haust.
Finland: Otava: SKINNDØD 10.000 eks. Enger er Otavas hovudgjest under stort krimarrangement i Helsinkis største bokhandel i oktober ved lanseringa av FANTOMSMERTE.
Spania: JP Libros gir ut SKINNDØD i oktober.
Nederland: Q – Querido – gir ut SKINNDØD i 2012.
Russland: Corpus gir ut SKINNDØD november/desember 2011.









