Tyrkiske Çiler İlhan er mellom vinnarane.
İlhan får prisen for boka “Sürgün” (Eksil). Prisen blir delt ut på bokmessa i Frankfurt. Føremålet med prisen er å ære dei unge røystene i EU. Det er den tyrkiske avisa Hurriyet som melder dette på sine nettsider.
Andre vinnarar er Kalin Terziyski (frå Bulgaria), Tomas Zmeskal (frå Tsjekkia), Kostas Hatziantoniou (frå Hellas), Ofeigur Sigurosson (Island), Inga Zolude (Latvia), Iren Nigg (Liechtenstein), Immanuel Mifsud (Malta), Andrej Nikolaidis (Montenegro), Rodaan Al Galidi (Nederland), Jelena Lengold (Serbia) og Adam Foulds (United Kingdom). Kvar av vinnarane får 5,000 euro, pluss at boka dei har skrive blir omsett til andre språk.
The European Union Prize for Literature, er organisert av Europakommisjonen, European Booksellers’ Federation, European Writers’ Council og Federation of European Publishers. Tevlinga er open for dei 36 landa som er med i EUs kulturprogram, inklusiv Bosnia Herzegovina, Kroatia, Island, Liechtenstein, Norge, Makedonia, Montenegro, Serbia og Tyrkia.








