For mange prisar?

mandag 5. desember 2011, kl 1454

I eit land med snart fem millionar menneske kan ein lure på om 80 litterære prisar er litt for mange.

Bokhandlarprisen er nett delt ut. Det same er dei fem Brageprisane. Til gode forfattarar alle saman, og fullt fortent. I tillegg har vi mange lokale prisar her i landet. Prisar til samisk og nynorsk, barnebøker, sakprosabøker, debutantar og omsetjar. For å nemne nokre.

Kommunikasjonsekspertar NRK har snakka med seier til statskanalen at det høge talet litterære prisar fører til at ingen bryr seg lenger, og at alle prisutdelingane verkar motsett av det som er tenkt. Påstanden er at det blir mindre prestisjefullt å vinne pris. For mange prisar kan ha som konsekvens at den eine slår den andre i hel, heiter det. Dessutan er det inga meining i at kvart eit nes og dalføre skal ha sin eigen litterære pris, blir det sagt. Så langt om kritikken.

I Sverige har dei Augustprisen som den eine store. Her i landet er vel kritikarprisen det næraste vi kjem ein liknande høg posisjon. Fleire norske røyster ber oss sjå til Sverige, men då må ein hugse at hos broderfolket er alt meir einsretta. Dei har fripris og ein hovudpris for litterært arbeid. Den svenske bokbransjen er kort sagt meir monolittisk. Då er det ikkje vanskeleg å sjå at vi har ein meir demokratisk tradisjon her på denne sidan av kjølen.

Frå Bok & samfunn si side meiner vi det er ein styrke med alle dei litterære prisane. I eit land med lange Jantetradisjonar er det bra å gjere ære på folk. Vi er overtydde om at mange litterære prisar får fram mangfaldet i den norske bokheimen. Slik sett hadde vi gjerne sett at det var enda fleire.

Del denne artikkelen på:

Én kommentar til «For mange prisar?»

  1. Om å sjå til Sverige? Eg trur dei har kring 150 prisar med litterær relevans der.

    http://sv.wikipedia.org/wiki/Kategori:Svenska_litteraturpriser

Skriv en kommentar