Fosse-feiring

fredag 3. juli 2009, kl 1304

I september fyller Jon Fosse 50 år. I høve fødselsdagen vert det arrangert Fosse-dagar i heimbygda Strandebarm 14.-16. august.

fosse jonprogrammet står mellom anna:

– Teaterstykket «Andvake» (Det Norske Teatret og Rikskonsertane) vert sett opp på Strandebarm Ungdomshus
– Ein eigen festkveld som viser breidden i Fosse sitt forfattarskap med mellom anna «Skuggar» sett opp av frigruppa De utvalgte
– Kuvøsepoesi: I eit gamalt sjøhus på Fosse kan ein liggje i hengjekøye og høyre romanen «Morgon og kveld» i sitt rette element med bølgeskvulp og sjølukt.
– Samtale kring Jon Fosse sin forfattarskap med fleire internasjonale gjestar, mellom anna den svenske teaterkritikaren Leif Zern
– Før-presentasjon av Cecilie Seiness si nye portrettbok om Jon Fosse som kjem ut på Samlaget til 50-års dagen i september, med tittelen «Jon Fosse – Poet på Guds jord».
– Fleire arrangement med og for barn, mellom anna opplesing av barneboka «Kant» med Hildegun Riise

Fosse har sagt dette om heimbygda si rolle i diktinga:
«Klangen frå Strandebarm ligg i botnen av alt eg skriv. Haustmørkret. Tolvåringen som går på ein smal bygdaveg. Vinden, regnet som piskar, fjorden slår. Eit einsleg hus med lys i vindauget. Kanskje kjem det ein bil. Dei tinga der ligg i botnen av alt eg skriv.»

Skodespelar Arnhild Litleré og kunstnar Åse Ljones, begge frå Strandebarm, er initiativtakarar til Fosse-dagane.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar