God blanding

onsdag 16. september 2009, kl 1145

Bokhausten i Skald forlag består av ei blanding av kunst, eventyr, isbjørnar, historie, julesongar, Stedje og Syden. Kjartan Slettemark blir heidra med bok.

Kjartan_flatKunstnaren Kjartan Slettemark (1932–2008) døydde i fjor og får såleis ikkje oppleva den frodige fotoboka som han sjølv var med på å planleggja: «Kjartan Slettemark – kunsten å falle». Bileta er tekne av hans gode ven, fotografen Brita Olsson. Ho følgjer sunnfjordingen frå han gjorde svenske av seg på seksti-talet og heilt fram til 2008. Dette har resultert i eit fotodokumentarisk verk basert på Olssons omfattande bildemateriale. Idun A. Husabø har sett tekst til bildeforteljinga, og Susanna Slöör har skrive ein grundig kunsthistorisk artikkel.

– Kjartan hadde to ynskje for boka: Ho skulle ha blinkande lys i ryggen, og ho skulle eksplodera om ho ikkje vart opna på tre veker. Desse ynskja har vi ikkje klart å innfri, men elles trur eg vi har laga ei bok i hans ånd, fortel forleggjar Lars Nes.

I haust kjem oppfølgjaren til suksessen og prisvinnaren «Godnattboka – nynorske forteljingar». «Eventyrboka» innheld 19 nyskrivne eventyr og Gunvor Rasmussen sine leikne teikningar.



– Vi har utfordra forfattarane til å skriva innanfor eventyrsjangeren, og boka dreg oss med inn i ei fantasifull eventyrverd full av humor og spenning, seier barnebokredaktør Simone Stibbe.

Den andre barneboka på haustlista er «Torbjørn Isbjørn» skriven av Titus Kodzoman og illustrert av Anne Angelshaug. Boka fortel om den vesle isbjørnen Torbjørn som kjenner at han ikkje er heilt som andre isbjørnar.

– Boka handlar om å føla seg annleis, å ikkje passa heilt inn, sjølv om alt tyder på at ein er akkurat som alle dei andre. Dette er nok noko som alle barn opplever av og til. Det fine med boka er at Titus klarar å formidla dette gjennom ei humoristisk forteljing med mange merkverdige situasjonar, fortel Stibbe.

Etter nesten 30 år som aktiv artist blir sogndølen Olav Stedje heidra med songboka «Syng meg heim». 50 songar med notar, besifring og morsomme illustrasjonar av Janne Nes syter for at fansen no har ei bok å bruka til pianoet og gitaren.
Det blir meir songglede nærare jul, då det fyrste nynorske julesongheftet på svært mange år kjem ut. Eit slikt hefte som «Julesongar» har vore mangelvare i bokhandelen, og det var mor til redaktør Brit Aksnes som gav forlaget ideen.
– Kva elles kan ein gjera av meiningsfylt arbeid her i livet anna enn å gleda si kjære mor? Eg er òg oppvaksen med dei nynorske versjonane av julesongane og vil gjerne sjå dei bli tekne vare på i framtida, seier Aksnes.

Boka «Costa Blanca – 53 opplevelser» er oppfølgjaren til bestseljaren «Gran Canaria – 53 opplevelser», og konseptet er det same: å finna opplevingar litt utanfor dei mest kjende og tradisjonelle turistrutene. På Costa Blanca er det mykje å ta av, fortalt av Jon Henriksen og fotografert av Lorraine Thompson.

På vestlandsforlaget si haustliste finn vi vidare praktboka «Levd liv» som fortel historia til sogningane. Entusiasten G.F. Heiberg etablerte De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum for 100 år sidan og har såleis teke vare på fortida, slik at vi kan ta den med oss inn i framtida.

Til slutt på lista finn vi «Langs veglause strender» av Arne Inge Sæbø. Boka vert gitt ut i samarbeid med Vik lokalhistoriske arkiv og omhandlar eit område langs sørsida av Sognefjorden i Vik og Høyanger kommunar.


Stikkord:

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar

annonse

Si din mening:

Tar kjedebokhandlene ansvar for den litterære bredden?

Se resultater

Loading ... Loading ...

Sakprosapris til bok om Nord-Korea

02.07.2010 Sakprosapris til bok om Nord-Korea

Barbara Demick er vinner av BBC Samuel Johnson Prize for non-fiction. Hun får prisen for «Nothing to Envy. Real Lives in North Korea».

Les mer

I over én million

29.06.2010 I over én million

Stephenie Meyers nyeste bok, «The Short Second Life of Bree Tanner», ble lansert 5. juni. Den har allerede solgt over én million eksemplarer i USA.

Les mer

Stor pris til Gaiman

28.06.2010 Stor pris til Gaiman

Neil Gaiman har vunnet den største britiske barnebokprisen, Carnegie-medaljen, for «The Graveyard Book». Boken kommer på norsk til høsten.

Les mer

Les flere notiser

Folk i bransjen

Ny redaktør i Schibsted Forlag

Ny redaktør i Schibsted Forlag

Annette Orre (31) er ansatt som forlagsredaktør for norsk skjønnlitteratur i Schibsted Forlag.

Les hele saken her

Les om flere folk i bransjen

Kommentaren

Den best tenkelige bokhandelen

Den best tenkelige bokhandelen

Norsk bokhandel får kjørt seg om dagen. Men det verste som kan skje bokhandelen, er at forfatterne får bestemme hvordan de skal profileres.

Les hele saken her

Les flere kommentarer her

Ukens utvalgte

Hilde Sophie Plau: «Norsk familieleksikon»

Hilde Sophie Plau: «Norsk familieleksikon»

Bokvåren kan fortone seg som et eneste stort gullrush, og blant gullfunnene denne våren er «Norsk familieleksikon» av Hilde Sophie Plau.

Les hele saken her

Les flere «Ukens utvalgte»

Vårens bøker

Vårliste Skald forlag

Vårliste Skald forlag

Vestlandsforlaget Skald byr på morosame sommarminner, hekseprosessar frå Finnmark, hagehjelp for fruktdyrkaren, praktbok om Årdal og barnebøker om kjærleik og barske gutar.

Les hele saken her

Flere vårlister

Bestselgerlister

  • Boklista – Topp 5 – Skjønnlitteratur (uke 19 – 2010):

      1. 1. Hjemkomsten (Victoria Hislop)
      2. 2. Panserhjerte (Jo Nesbø)
      3. 3. Den urolige mannen (Henning Mankell)
      4. 4. Den glemte hagen (Kate Morton)
      5. 5. Salvadorena (Cecilia Samartin)
      Bestselgerlister - ulike kjeder:
      1. Ark Bokhandel
      2. Libris
      3. Norli
      4. Notabene
      5. Tanum
      Bestselgere - norske nettbokhandler:
      1. Bokdykk
      2. Bokkilden
      3. Capris
      4. Haugen Bok
      Utenlandske lister:
      1. Sverige (Svensk Bokhandel)
      2. Danmark (Bogmarkedet)
      3. England (The Bookseller)
      4. USA (Publishers Weekly)
      5. USA (New York Times)
      Andre lister:
      1. Tronsmo Bokhandel
      2. Studentbokhandelen Akademika
      3. Utlånstoppen (Norske folkebibliotek)
  • Populære emner

    RSS-feed andre medier