Høstliste Skald

onsdag 1. september 2010, kl 1231

Vestlands-forlaget Skald innleder bokhøsten med Olav Sørums bok «Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen». Senere kommer det bøker om Jølster, om «grautmål» og om trolldomsprosesser i Finnmark.

redninga_for_frukt_og«Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen» er retta mot hageeigarar, men òg profesjonelle frukt- og bærdyrkarar. Boka er rikt illustrert med foto.

Oddleiv Apneseth fotograferte gjennom heile 2008 store og små hendingar i Jølster. Dette munna ut i kritikarroste utstillingar, og prosjektet vert no avslutta med gjennom boka «Jølster». Fokuset har vore på ting ein omgjev seg med i forbrukarsamfunnet, og boka gjev innblikk i dagleglivet anno 2008.

Forfattar Kjersti Mjør og fotograf Helge Skodvin står bak boka praktboka «52 opplevingar i Hordaland». Her tek dei lesaren med på 52 handplukka attraksjonar i Hordaland, og vi finn kjende og mindre kjende skattar. Boka skal fungere både som inspirasjon for å oppdage fylket og som oppslagsverk om mindre kjende attraksjonar.

I 2006–2008 sende NRK Sogn og Fjordane programserien «Grautmål: Hyllest til dialektord frå Sogn og Fjordane» der innringjarar i samtale med journalist Arve Uglum presenterte og forklarte ord og uttrykk dei kjende frå eige talemål. I bokversjonen er dialogen mellom heimelsfolka og Uglum gjengitt i talemålsnær form. Deretter gir språkvitar Øystein A. Vangsnes fyldige kommentarar til og omkring orda og talemålet basert på tilgjengelege kjelder og eigen kjennskap til dialektane i fylket.

Liv Helene Willumsen har skrevet boka «Trolldomsprosesser», der vi befinner oss i Finnmark på 1600-tallet. I Vardø-området stilles 135 personer for retten anklaget for å stå i ledtog med djevelen. Av områdets knappe 3000 innbyggere blir til slutt 91 kvinner og menn henrettet. Ikke noe annet sted i Europa opplever et lignende overgrep mot sivilbefolkningen. Denne boken samler alle rettsdokumentene i hekseprosessene i Finnmark, og vi får et grusomt innblikk i datidens rettspraksis.

«Tankerekkjer» er tittelen på eit festskrift til Johs. B. Thue sin 70-årsdag. Boka er ei blanding av døme på jubilanten sin skrivekunst og artiklar skrivne av vener og kjenningar. Tematikken er vid, både i det som er valt ut frå Johs B. sin rike produksjon, og hjå dei andre skribentane. Artiklane spenner frå lokalhistorie, kommunestruktur, utdanningspolitikk og til mat.

Stikkord:

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar