Haustliste Samlaget

fredag 27. august 2010, kl 0955

Samlaget har heile elleve debutantar i haust. – Vi satsar medvite på dei nye stemmene, og bruker store ressursar på å hjelpe fram dei nye forfattarane, sa forlagssjef Margit Walsø då ho presenterte forlagets haustliste. Samlaget skal også gje ut meir omsett litteratur.

Haustens debutantar.

Haustens debutantar.

«Lykkefeltet» heiter Ingvild Holviks debutroman. Pulsen i språket, trykket i forteljinga, den svarte humoren og dei treffsikre observasjonane gjer at boka og talentet står tydeleg fram, heiter det i omtalen. «Lykkefeltet» viser korleis kjærleik og hat finst i dei nære relasjonane, og den individuelle historia heng saman med ei større historie.

Ragnhild Kolden debuterer med ein historisk roman, ei historie om dei som hamna på feil side under krigen. I «I krig og kjærleik» legg ho synsvinkelen hos ein som valde feil side, gestapo-agenten. Hendingar blir rulla opp, og etter kvart forstår vi faktisk korleis både han og kjærasten Dagny kunne ende opp som kyniske agentar som førte mange uskuldige menneske i døden.

I «Makabre bikkjer» følgjer Kristin Sørsdal to kvinner; ei som vandrar og haikar gjennom eit nordnorsk landskap nokre sommarveker, og ser verda gjennom eit besett og forvrengt sinn. Ho er på veg til Kòvdem og den andre kvinna i historia, som er rasjonell og kjølig, fornuftig, men lever i ei merkeleg og ugjenkjenneleg verd.

Berit Rødstøls romandebut «Himmelreisande» er ei historie om kjærleik, vennskap og svik, som er lagt til Sovjetunionen på femtitalet, og har oppskytinga av hunden Laika og Sputnik 2 som bakteppe.

Atle Berge har skrive «Muntergang», ein humoristisk, usentimental roman om undergang og kjærleik, der hovudpersonen Pål Stordalen blir arrestert fordi han meiner at livet er latterleg.

Aina Basso har med «Fange 59. Taterpige» skapt eit sterkt kvinneportrett i sin 1700-talsroman med handling frå Trondheim. Ho tek utgangspunkt i dokumentarisk stoff. Ei ung taterjente fortel historia om livet på vegen, og korleis ho får livet snudd på hovudet når fridommen blir teke frå henne, og må kjempe for å finne sin plass i eit samfunn der mange motarbeider henne.

Sindre Ekrheim og Terje Tørrisplass gir begge ut sine første diktbøker. I «Sjøen hugsar ingen barndom» oppstår ei tidlaus stemning, ei verd som både er gjenkjenneleg og merkeleg. «Eg bygger ikkje byar» av Tørrisplass inneheld kloke og engasjerte dikt som viser fram kvardag, sakn, kjærleik og familierelasjonar.

Skjønnlitteratur
Jon Olav Sørhaug gir ut si andre diktsamling. «Det blinde punktet» inneheld sterke dikt om liv, død og grenseerfaringar. Forfattar og musikar Cornelius Jakhelln har for første gong skrive ei diktsamling på høgnorsk, inspirert av Olav Aukrust, Aasmund Olavsson Vinje, «Voluspå» og «Håvamål», men handling og tematikk lagt til vår tid, i Paris, Roma, Berlin og Setesdal.

Grete Kleppen flettar musikk med minne frå ein oppvekst til ein nydeleg roman med tittelen «Blå fuge for far min». I små episodar frå barndomsår i Molde gir ho Kleppen eit varmt portrett av faren som var skomakar og ein sentral person i musikklivet i byen.

«Det som eingong var» er tittelen på Magnhild Bruheims skildring av ei ung jentes oppvekst på 60-talet. Eit underliggande mørker som varslar noko som skal kome, blir kontrastert mot tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk.

Ei artig undergangshistorie med nynorsk som tema får vi frå Arnfinn Kolerud med romanen «Når ein først skal skyte nokon». Berre ei siste, lita, trassig bygd i nordvest klamrar seg til nynorsken, mens resten av landet held seg til bokmål og engelsk.

Arild Rein kjem med nattmørk satire i haust. I «Den evige fred» er vi på Stortinget rett før jul i 2021 i dagane like etter ein orgie i sex og fyll. Statsministeren og dei folkevalde er kompromisslaust korrupte og kyniske, og frå drabantbyane rundt Oslo kjem meldingar som tyder på at folk held på å gå av skaftet. Det blir krise når eit frykta virus spreier seg i befolkninga, og dei med makt er utan evne og vilje til å gjere noko med kaoset.

Samlaget har hatt stor suksess med omsette bøker, og kjem til å satse meir på dette, både i talet på titlar og fleire sjangrar og tema. To romanar i og i slekt med krimsjangeren kjem i haust. Den danske forfattaren Pia Juul er ein samtidspoet og kortprosaforfattar, og ein har alt sagt at romanen Mordet på Halland
bør inntakast med kniv og gaffel over det ganske land av alle som er mette på krim.
Boka har fått Danmarks største litterære pris.

Ein annan forfattar som kjem på norsk for første gong er finske Matti Rönkä. Han skriv krim frå Karelen, grensetraktene mellom Russland og Finland. Forfattaren har fått den gjeve krimprisen Glassnøkkelen for beste nordiske krim, og «Med mord i blikket» er den første boka i serien om Viktor Kärppä.

Bøker for barn og ungdom
Samlagets barnebøker i haust er prega av fantasi, spenning og humor.
Asbjørn Rydland har skrive ei fantasyforteljing som tilfører nytt innhald til sjangeren. «Drakeguten» handlar om Stallguten Koll som drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere som han sjølv vil. Dei som vil hjelpe han er ikkje alltid den dei gir seg ut for, og boka handlar om å tru på det ein står for, og å gjere opp for sine feil. Boka er den første i ein serie.

Lars Mæhle har skrive ei ny bok i den elleville Harry og Ivar-serien. I årets bok «Harry og Ivar tryllar jula inn» er det ikkje spart på noko. Tor Arve Røssland har skrive ei grøssar-forteljing, «Svarte-Mathilda», om ein demon som er gøymt i ein spegel og kjem når du ropar på henne. Marita Liabø har skrive om å utfordre seg sjølv, med ein tittel som seier det meste, «Jenny blir knallhard». Frå tøffe jenter til mytologi, vågemot og brennande kjærleik; Sylvelin Vatle har skrive «Ramna-Floke», ei dramatisk forteljing om vestlendingen som gav namn til Island.

Samlaget opnar ein etterlengta serie for unge lesarar, det er Robert Muchamores populære serie om Cherub-agentane. I dette universet er barn med skjulte talent og spesielle evner gått inn i etterretning, spionasje og politiarbeid. Dei to første bøkene i serien på tolv er «Rekrutten» og «Kokainkongen».

Ein sterk ungdomsroman kjem frå Hilde Kvalvaag. «Fengsla» handlar om Idun, som er flinkast i klassen. Ho går over eigne grenser når ho blir utfordra av kusina Mai, og noko skjer som brått gjer den kjedelege kvardagen farleg og ulovleg.

Ayotzintli er namnet på små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Mikke sitt ved pc-en om nettene og les om dette og andre ting, men koplar seg sjølv av frå verda. «Søkeord Ayotzintli» av Marit Kaldhol er ei bok som loddar djupt i temaet sjølvmord.

Ingelin Røssland fullfører trilogien om journalistspira og bråkmakaren Engel Winge med romanen «Engleslakt». «Terje Torkildsen» gir ut andre bok i sin dystopiske spenningsserie. I «Dystopia II» er fem gjenlevande ungdommar på skoletur desperate i kampen for å overleve ei naturkatastrofe.

Ein kjent og høgt respektert illustratør blir no forfattar. Det er Inger Lise Belsvik som har skrive teksten og laga illustrasjonane til biletboka «Spring, hesten, spring!» Ei anna biletbok som byr på oppleving og leik for små barn er Astrids Grønsnes’ bok «Raude ville geiter».

«Elskar, elskar ikkje» er ein antologi med noveller om kjærleik, og vi møter alle kjærleikens former her; den boblande, den fortvilande og framfor alt den unge. Seksten nordiske forfattarar deltek, og dei norske bidraga er forfatta av Ingelin Røssland og Lars Mæhle.

Fem forfattarar skriv for barn i den illustrerte lettles-serien Komet. Signe Olaug Pedersen debuterer med boka «Sprett i håret – sug i magen», ei svært sjarmerande bok om eit evig aktuelt tema; forelsking. Dei andre komet-forfattarne er pseudonymet Kristoffer Karlsen med «Marie i kattepine», Arnfinn Kolerud med «Jakta på Anderssons eftf.», Liv Larsen med «Hjartekrigen» og Eivor Vindenes med «Den hemmelege vegen til månen».

Sakprosa
I boka «Norske vottar og vantar» har Annemor Sundbø samla dyremønster og andre figurar frå norsk strikkearv og laga ei praktbok. Den perfekte gåveboka på årets liste er også ei faktabok; «Godt å gi bort». Det er ei bok til estetisk og kulinarisk nyting, og viser korleis du kan lage herleg mat og drikke som presang og pakke det stilig inn. Guro Usterud har fått god hjelp av Nina og Jim Hensley og Ann-Kristin Møsth Wang.

Jan Inge Sørbø har skrive personleg om foreldres død i «Lyset frå fars andlet. Refleksjonar ved livets slutt». Forfattaren bruker historia om den siste tida til sin eigen far for å tenkje over ansvaret vi har for å ta oss av gamle menneske som har mista talen og minnet, men ikkje menneskeverdet. Han bruker religion og filosofi som grunnlag for kloke betraktningar om sorgarbeid.

Ottar Grepstad har skrive «Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010».
Det er blitt ei forteljing om idealistar og kynikarar i norsk presse, ei forteljing om 170 nynorskaviser gjennom 150 år. Forfattaren presenterer mykje nytt stoff, ryddar opp i gamle framstillingar og overraskar med historier om ukjende aviser og pressefolk.

Meir om språk i Oddmund Løkensgard Hoels bok om norsk målreising, som tek opp tida frå Ivar Aasens pionertid, 1860-1940. «Mål og modernisering» viser korleis den norske målreisinga er ein del av nasjonsbygginga, og korleis nynorskprosjektet via jamstellingsvedtaket i 1885 blir ei suksesshistorie, som seinare blir utfordra av urbanisering og industrialisering.

Morten Søberg driv parlamentariske undersøkingar i essaysamlinga «Sverdrups ekko», frå Europas eldste parlament på Isle of Man til Senatet i USA og Sametinget.

Alle kan ta feil. Arild Hoksnes skriv underhaldande om dette i «Kunsten å ta feil». Det er menneskeleg å feile, og mange feil har blitt til strålande suksessar. Meir enn noko anna fryktar bedrifter og organisasjonar offentleg kritikk for å ha gjort feil, og perfeksjonismen ligg på oss som ein tung hemsko. Denne boka lærer oss å leve godt med feila våre.

Ei bok som også vil underhalde kjem frå Hallgrim Berg. Samlinga med folkelege historier i «Når flaumen går» inneheld frodige historier frå politikaren som ikkje er redd for ein frisk replikk. Torolf Nordbø og Leif Arild Steen kjem med «Sydvest-humor frå Han Innante», der dei har samla over 100 artige historier frå heimtraktene i Ryfylke.

Jan Olav Gatlands biografi «Ord og orgasme» om Ola Raknes (1887–1975) fortel den fascinerande historia om fiskarbondesonen frå Osterøy, og viser korleis det var mogleg å kome ut av ei ungdomstid i pietistisk helvetesangst og bli ein markant og fargerik psykoterapeut. «Åse-Marie – eit poetisk liv» er skrive av Elisabet Vallevik Engelstad, og er ein biografi om eit uvanleg kvinneliv. Åse-Marie Nesse valde sjølvrealisering framfor familieliv. Ho var klassisk danna, men nådde samtidig ut til eit stort og folkeleg publikum med dikta sine. 67 år gammal måtte ho gi opp kampen mot kreften.

Les heile katalogen her.

Stikkord:

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar