Mangeårig forlagssjef i Samlaget, Audun Heskestad, er slått til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for nynorsk skriftkultur.
H.M. Kong Harald har utnemnt tidlegare forlagssjef i Det Norske Samlaget Audun Heskestad til riddar 1. klasse av Den Kongeleg Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for nynorsk skriftkultur. Heideren vart overrekt på ei tilstelling i Det Norske Samlaget i går kveld.
Heskestad arbeidde i Samlaget i 38 år frå 1971 til 2009 utan avbrot. I dei 25 åra han var forlagssjef, gav forlaget ut over 4300 bøker – Han har gjennom eit langt arbeidsliv fremja skrivekunsten og gitt boklesarar i mange land lesestoff av fremste kvalitet, seier forlagsdirektør Tove Lie i Samlaget.
Audun Heskestad blei fødd i Heskestad i Rogaland i 1942. Han tok juridisk embetseksamen i 1969. Heskestad har i over 40 år hatt tillitsverv i frivillige organisasjonar, parti, aksjonskomitear og interesseorganisasjonar. Han har lagt ned ein svært tidkrevjande og resultatretta innsats for målsak og politikk, og i stort og smått praktisert dugnad som strategi for handfaste resultat. Både i sine profesjonelle roller og i sitt frivillige arbeid har han gjort sitt til at Noreg i dag er blitt eit kulturelt og språkleg rausare samfunn, heiter det i brevet frå dei som gjorde framlegg om utnemninga.
Det brevet signerte sju framståande personar frå norsk kulturliv – forfattar Arthur Arntzen, seksjonsleiar Mari Finess i Norsk kulturråd, forfattar Jon Fosse, professor Otto Hageberg, kyrkjeverje og tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og tidlegare forlagsdirektør William Nygaard. I tillegg gav Den norske Forfatterforening, Den norske Forleggerforening, Foreningen les! og Nynorsk kultursentrum sine tilrådingar.
– Alle dei vi spurde om å stille seg bak denne tilrådinga, sa ja med ein gong. Den som har hatt gleda av å samarbeide med Audun Heskestad, har nok lyst til å gi noko tilbake, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
Bok & samfunn gratulerer!









