Innestengt i morsrolla

fredag 15. mai 2009, kl 0753

Mora i Kjersti Kollbotn sin debutroman «Eg er mamma, eg skal vere god» er langt frå idealbiletet av ei mor. – Rommet for å diskutere morsrolla er så ufatteleg smått, meiner forfattaren.

– Finst det ein allmenngyldig definisjon av kva ei god mor er?Eg er mamma

– Der er nok nokre grunnleggande trekk, men desse er ikkje er knytt til morsrolla spesielt, men til det å vere menneske, til det å vere menneske i ein relasjon der makta er skeivfordelt. Ein god vaksen prøver å sjå barnet, strevar etter ikkje å krenke barnet, strekkjer seg mot å vise barnet respekt på same måte som ein i vanlege situasjonar viser vaksne respekt.

– Kvifor er morsrolla så vanskeleg å diskutere utan at kjenslene tek overhand?

– Det å vere mor er knallhardt arbeid som sjølvsagt også gjev mykje. Mange forventar og krev mykje av seg sjølv som foreldre, innimellom går det skeis, ein kan kjenne seg makteslaus og åleine. Ein innbiller seg kanskje at ein skal vere glad, takksam og «oppofrande» heile tida. Det er heilt umenneskeleg. Ein kan ta til å tenkje på at ein ikkje har fortent ungane dersom ein ikkje er nøgd heile tida, at ein kan bli oppfatta som utakknemleg. Kvinner, som menn, har behov for å vere berre seg sjølv innimellom. Ikkje heile tida vere mor, men tillate seg å «ta beina fatt og kome seg ut av huset». Det er sunt for alle partar. Og kjenslene tek ofte overhand fordi rommet for å diskutere morsrolla er så ufatteleg smått, så definert på førehand, så lite raust, så lukka, ja, nesten mørkt.

– Vil du at boka di skal få i gang ein debatt om morsrolla – og kva ønsker du i så fall å oppnå?

– Det hadde vore kjekt, men eg tenkjer at debatten kjem, om han kjem. Det er ein viktig debatt. Eg vil håpa at ein slik debatt vil «reinske lufta» rundt morsrolla, slik at det ikkje berre blir lukke, kos, klapp og klem, og evig harmoni. At vi også får lov til å seie at no har eg fått evig nok av både ungar og heim for ei stund, no må eg ut å få påfyll for hjernen, påfyll av vaksenverd, påfyll av kvile og  påfyll for eigne behov. Ein vert ikkje verre mor av å ta slike grep, heller tvertimot. Ein kan kome til å bli både blid og glad, og slik ei bra mor som har overskot, og er god å vere i lag med.

– Kva har vore den største utfordringa i skriveprosessen?

– For det første å få tid til å skrive. Og for det andre å få samanhengande tid, slik at konsentrasjonen kunne kome på plass, slik at det kanskje kunne bli kvalitet.
Deretter var det å få nok kvile. Det var ei energikrevande bok å skrive. Å vere i lag med hovudpersonen var ikkje alltid like lett.

– Beskriv korleis det kjendest då du sto med den ferdige boka i  handa.

– Som om å vere på platået av Jostedalsbreen ein dag i mai, seint på kvelden, i strålande sol, og kan legge seg til å sove under open himmel etter å ha laga middag på primus, og teke ein bra stor slurk Gammel Dansk.

– Når blei du klar over at du ville bli forfattar – og kva var det som gjorde at du ville bli det?

– Det sa eg høgt til eit anna menneske for berre seks år sidan, men eg har skrive dikt og korte tekstar i over tretti år (!). Har frekventert diverse forfattarstudier både i Bø og i Tromsø. Eg skriv fordi det gjer tankane klarare. Eg ser det uklare i eit anna lys, og verda blir tydelegare. Eg skriv rett og slett for å få vite meir, forstå meir av dei mest komplekse sidene av mennesket som vi kan kome i kontakt med.

– Korleis er det litterære miljøet i Tromsø?

– Det litterære miljøet i Tromsø er stort og godt. Det er høg aktivitet. Forfattarstudiet ved universitetet (grunnstudiet og påbyggingsstudiet) har vore eit heilt avgjerande bidrag til det litterære miljøet. Stor takk til forfattar, poet og kunstnerisk leiar Liv Lundberg som fekk studiet i gang, og som har stått på for studentane i alle år! Lundberg har spelt ei heilt avgjerande rolle for mange, også utanfor Tromsø-miljøet.

– Nemn ei bok som har betydd spesielt mykje for deg.

– «Uroens bok» av Fernando Pessoa. Denne boka var reine medisinen.

Stikkord: ,

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar