Inspirert av det norrøne

tirsdag 16. juni 2009, kl 0940

Kristine Tofte debuterer med fantasyromanen «Song for Eirabu». Boka er tufta på «Voluspå», og er ei soge om tre kongerike, to unge søstrer og ein spådom om verdas ende.

Kristine Tofte skriv på bok to om søstrene Ragna og Berghitte. (Foto: Paal Audestad)

Kristine Tofte skriv på bok to om søstrene Ragna og Berghitte. (Foto: Paal Audestad)

– Korleis fekk du ideen til «Song for Eirabu» – og kor lang tid gjekk det frå du begynte å skrive og til du sto med den ferdige boka i handa?
– Eg hadde sjølv vegra meg mot fantasy fram til eg var over 30, då eg helst las romaner som utforska det menneskelege. I møtet med moderne fantasy på sitt beste, blei eg fascinert av korleis rammene for episk fantasy ga forfattar og lesar opning for utforsking som eg ikkje hadde funne i samtidslitteraturen. Til dømes det å kunne fastslå folkemord og systematiske overgrep som premiss, for deretter å sjå med undrande og opent blikk på dei som står bak, noko som vanskeleg ville la seg gjere i ein historisk eller samtidig roman.

– Du har skapt eit univers med utspring i norrøne mytar. Bør ein kunne sin mytologi for å ha utbytte av boka di?
– Nei, på ingen måte. Dette er fantasy, ikkje religionsopplæring.

– Har du ein favorittfigur frå den norrøne mytologien?
– Det skin nok gjennom i «Song for Eirabu» at eg likar dei samansette karakterane, og Hel er kan hende ein favoritt i så måte.

Kva er du sjølv mest nøgd med i boka di?
– Akkurat no er eg mest nøgd med at den ikkje er ferdig.

– Er du i gang med bok 2? Og kor lenge må vi vente?
– Neste bok bør vere i handelen om to år. Så eg skriv.

– Kva har vore den største utfordringa under skrivinga?
Å unngå internett.

– Du har brukt bloggen din til å skrive om prosessen fram til ferdig bok. Har det påverka skrivinga og historia du har fortalt?
– Blogginga er berre ein måte å vere saman med andre på, eg trur neppe det har påverka sjølve forteljinga. Men det har vore deileg å dele undervegs, elles er romanskriving ei hemmeleg, privat merksemd, og for oss ekstraverte kan det vere vanskeleg.

– Du er utdanna psykolog. Har du nytte av denne utdanninga som forfattar – og i så fall på kva måte?
– Eg er privilegert som får betalt for å stille nærgåande spørsmål, og eg har erfart at alle ein får lov å gå heilt tett på viser seg å vere samansette, interessante og til å like, uansett kven dei elles presenterer seg som.

– Det er ikkje så mange norske forfattarar som skriv fantasy, i alle fall ikkje for vaksne. Kva trur du er grunnen til det?
– Ein blir påverka av det ein les, me står alle på skuldrene til kvarandre. Eg er påverka av å ha sett mykje fantastisk film, og av å ha hatt ein vennekrins i Danmark som spelte rollespel og var opptekne av fantasy og sci-fi. Dessutan er eg naturleg nerdete, og likar å gå grundig til verks.

– Korleis har du opplevd tida etter at boka kom ut; lansering, intervju, kritikk?
– Eg likar å førestille meg at det fins nokre framande folk der ute ein stad som kjem til å elske boka mi, og at alt dette er noko eg gjer for at boka og lesarane skal finne kvarandre. Merksemd er naudsynt og litt pinleg, samstundes som eg blir frykteleg rørt når nokon seier dei har lese og likt boka. Eg er usikker på om dette er koketteri. Eg blir i alle fall litt flau av å skulle svare på spørsmålet.

– Nemn ei bok som har betydd spesielt mykje for deg.
– I «Udødeligheten» skriv Milan Kundera så fint og nyansert, og likevel, midt inne i boka, teiknar han to piler. «Åh,» tenkte eg, «– ein kan faktisk gjere akkurat kva ein vil.» Og det var av enorm tyding for meg at sjølv Kundera måtte teikne litt for å forklare kva han meinte.

Stikkord: ,

Relaterte saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar

annonse

Si din mening:

Tar kjedebokhandlene ansvar for den litterære bredden?

Se resultater

Loading ... Loading ...

Høstliste Minuskel

02.09.2010 Høstliste Minuskel

Minuskel forlag utgir i høst to nye tegneserie-romaner basert på litterære storverk: Fjodor Dostojevskijs «Forbrytelse og straff» (tegnet av Alain Korkos) og Joseph Conrads «Mørkets hjerte» (tegnet av Catherine Anyango).

Les mer

Nesbø i godt selskap

01.09.2010 Nesbø i godt selskap

Jo Nesbøs «Snø-mannen» er blant de åtte utvalgte titlene i den nyoppstartede bokklubben til Richard & Judy. Den nye bokklubben er tilknyttet bokhandelkjeden W.H. Smith.

Les mer

Høstliste Skald

01.09.2010 Høstliste Skald

Vestlands-forlaget Skald innleder bokhøsten med Olav Sørums bok «Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen». Senere kommer det bøker om Jølster, om «grautmål» og om trolldomsprosesser i Finnmark.

Les mer

Les flere notiser

Folk i bransjen

Tilbake til Kagge

Tilbake til Kagge

Marit Johansen (38) er ansatt som salgssjef med ansvar for kampanjer i Kagge Forlag. Hun kommer fra stillingen som salgssjef i Vega forlag.

Les hele saken her

Les om flere folk i bransjen

Kommentaren

Bokavtale med bismak

Bokavtale med bismak

Hva er det som har skjedd mellom april 2009 og juni 2010 som har fått kulturminister Anniken Huitfeldt til å endre prispolitikk på fagbokfeltet?

Les hele saken her

Les flere kommentarer her

Ukens utvalgte

Barbara Kingsolver: «Gifttreet»

Barbara Kingsolver: «Gifttreet»

For en roman «Gifttreet» er! Jeg ble trollbundet av atmosfæren og språket, og av forfatterens evne til å formidle.

Les hele saken her

Les flere «Ukens utvalgte»

Høstens bøker

Høstliste Minuskel

Høstliste Minuskel

Minuskel forlag utgir i høst to nye tegneserie-romaner basert på litterære storverk: Fjodor Dostojevskijs «Forbrytelse og straff» (tegnet av Alain Korkos) og Joseph Conrads «Mørkets hjerte» (tegnet av Catherine Anyango).

Les hele saken her

Flere høstlister

Bestselgerlister

  • Boklista – Topp 5 – Skjønnlitteratur (uke 19 – 2010):

      1. 1. Hjemkomsten (Victoria Hislop)
      2. 2. Panserhjerte (Jo Nesbø)
      3. 3. Den urolige mannen (Henning Mankell)
      4. 4. Den glemte hagen (Kate Morton)
      5. 5. Salvadorena (Cecilia Samartin)
      Bestselgerlister - ulike kjeder:
      1. Ark Bokhandel
      2. Libris
      3. Norli
      4. Notabene
      5. Tanum
      Bestselgere - norske nettbokhandler:
      1. Bokdykk
      2. Bokkilden
      3. Capris
      4. Haugen Bok
      Utenlandske lister:
      1. Sverige (Svensk Bokhandel)
      2. Danmark (Bogmarkedet)
      3. England (The Bookseller)
      4. USA (Publishers Weekly)
      5. USA (New York Times)
      Andre lister:
      1. Tronsmo Bokhandel
      2. Studentbokhandelen Akademika
      3. Utlånstoppen (Norske folkebibliotek)
  • Populære emner

    RSS-feed andre medier