Juritzen mot ny rekord

torsdag 4. august 2011, kl 0744

Juritzen Forlag held fram veksten og håpar på 50 millionar i omsetning for 2011.

Med ein driftsmargin på 36 prosent er Juritzen Forlag av dei mest lønnsame i landet, skriv Dagens Næringsliv i dagens utgåve av papiravisa. I 2010 gjekk forlaget med 12 millionar i overskot.

Samstundes auka omsetnaden frå 26 millionar i 2009 til 35 millionar i 2010. I 2008 hadde forlaget ein omsetnad på 6,25 millionar med eit resultat på 686.000 kroner.

- I år håpar vi å sjå femtitalet, seier forleggar Arve Juritzen til avisa.

Forlaget, som såg dagens lys i 2006, har no 15 årsverk fordelt på 11 fast tilsette. Den kubanske eksilforfattaren Cecilia Samartin har åleine selt over 700.000 bøker gjennom Juritzen Forlag.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Én kommentar til «Juritzen mot ny rekord»

  1. trur ikke vi skal se bort i fra dette, en ser kos forlaget har utviklet seg i løpet av få år og bygget seg opp fra og være et lite firma til og bli konkurrent til de størte forleggerne, så dette skal de bli spennende og se hva som skjer

Skriv en kommentar