I by etter by sprett litteraturhusa opp som paddehattar.
Sist haust besøkte vi Litteraturhuset i Fasanenstrase i Berlin, og det gjorde vi fordi huset har stått modell for dei fleste andre litteraturhusa i Europa etter at dørene opna i 1986. Vi ville sjå korleis eit originalt litteraturhus ser ut etter at denne bølgja også har nådd våre strender. Litteraturhuset i Oslo er sydd over same lesten som i Berlin, og slik er planane etter det vi forstår også for alle dei andre planlagde litteraturhusa her i nord. Tromsø, Steinkjer, Trondheim, Bergen, Stavanger, Grimstad og Skien er nokre av byane vi kjem på i farten som vil ha sitt eige hus der litteraturen skal bløme.
Februar gjekk ut med bråk i Bergen, men denne gongen er det ikkje Brann det gjeld. Forfattar Thomas Espedal meiner Kristin Helle-Valle, som skal leie det nye litteraturhuset i Hansabyen, er inkompetent.
Kritikaryndlingen er i ein kronikk i Bergens Tidende redd for at det litterære Bergen skal få eit hus prega av “ensartet og kjedelig klientell”, som kjem for å nyte dyr mat og “menge seg med kulturmenneskene”. I den andre store avisa i byen kan vi lese at også forfattar Erling Gjelsvik er uroleg, men at for hans del gjeld det otte for at husleiga kan bli for høg, og at direktørløna til Helle-Valle på nesten 700.000 er i overkant for ein kulturbyråkrat. Siste kritikar ut er forfattar Henning H. Bergsvåg. Han seier til Klassekampen at grasrota neppe har råd til å gjere seg bruk av huset i Bergen, fordi dei økonomiske rammene blir for krevjande.
Ein solid salve frå forfattarhald vil sikkert mange meine, og frå denne sida av Langfjella skal vi ikkje gjere noko stort poeng av at klientellet på Litteraturhuset her i hovudstaden driv inn frå mellomlaga på Oslo vest. Det interessante med debatten i Bergen er at han aktualiserer spørsmålet om kva eit Litteraturhus skal og bør vere.
Frå Bok & samfunn si side er vi positive til ein kvar ny bygning som kan huse litteratur og skape leseglede. Det vi er meir urolege for, er at alle desse nye etableringane kan redusere løyvingane til det lokale biblioteket og dermed føre til litterær utarming av distrikta. Difor er det timeleg å minne om at det lokale biblioteket med tilhøyrande løyvingar også har ein naturleg plass i dette bilete, der stadig fleire byar kappast om å reise sitt eige parnass.
Vi forstår godt dei som lar seg rive med av den nye bølgja, men ser likevel grunn til å minne om at denne trenden så langt har vist seg å vere grunnleggande sentralistisk. Difor er det vårt håp at dei store byane får litteraturhusa sine slik dei har planar om, men at folkebiblioteket, som er sjølve blodåra i det norske litteratursystemet, kan leve i harmonisk
hopehav med denne nye kontinentale trenden.









