18 nye teikneseriar fekk produksjons-tilskot frå Kulturrådet på rådsmøtet i desember. I tillegg vedtok rådet å kjøpe inn inntil seks teikneseriealbum under innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne for 2009.
På lista over dei siste tildelingane i 2009 finn vi eit nytt album, «Fallteknikk» (20 000 kr), frå Inga Sætre, som har vorte populær med dei grublande og kjærleikshungrige Møkkajentene.
Egmont får tilskot til ei rekke norske biseriar i det populære bladet om Lise Myhres svartkledde, lett misantropiske og sjokoladeelskande Nemi (75 600 kr). Og den prislønte serieteiknaren Jason får stønad til eit nytt album kalla «Varulvene i Montpellier» (70 000 kr).
Dei største tildelingane i denne runden, på 90 000 kroner, går til Karstein Volles album «Ti kniver i hjertet» og til Christopher Nielsens niande nummer av serieheftet «Weltschmerz».
Til saman fekk 18 teikneseriar tilskot under rådsmøtet i desember.
Teikneseriemiljøet har lenge etterlyst ei eiga innkjøpsordning for norske teikneseriar. Kulturrådet har i mange år kjøpt inn inntil tre album under ordninga for skjønnlitteratur for barn og unge, men under innkjøpsordninga for vaksne var det berre eit unntak at det blei kjøpt inn to titlar i 2008.
Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne er ein samarbeidsavtale mellom Norsk kulturråd, Den norske forleggerforening, Norsk Forleggersamband og Den norske Forfatterforening, og det har vore fleire forhandlingar for å bli samde om å få utvida ordninga mellombels til òg å gjelde eit avgrensa tal teikneseriealbum. For å få rom til inntil seks album i 2009, vedtok Kulturrådet i desember å løyve ekstra midlar til slikt innkjøp.
Sjå alle tildelingane her.









