Kleiva festspeldiktar i 2010

onsdag 5. august 2009, kl 1320

Forfattaren Rønnaug Kleiva frå Ørsta blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010. Ho er den syttande forfattaren som får denne æra.

kleivaDei nynorske festspela 2010 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 23. juni til søndag 27. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Kleiva debuterte i 1985 og kan dermed feire 25-årsjubileum som forfattar neste år. Ho har gitt ut 22 bøker i mange sjangrar og er omsett til åtte språk, mellom anna serbisk, gresk og russisk. I september kjem ho med ein ny ungdomsroman på Det Norske Samlaget.

– Eg liker å skrive i ulike sjangrar. Eg hadde ikkje orka å skrive berre same typen bøker heile tida. Dikt skulle eg gjerne ha skrive meir av, men i staden puttar eg poesien inn i prosaen, seier Rønnaug Kleiva, som gler seg stort til å vere festspeldiktar.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar