Krevjande i Amerika

onsdag 27. april 2011, kl 0709

USA opplever stadig aukande boksal på nett og distribusjon av e-bøker. Analyseselskap meiner det vil vere 82 millionar leserbrett i 2015.

USAs største bokhandel Barnes & Noble er til sals og den nest største, Borders, er på konkursens rand. Det skriv Dagens Næringsliv. Årsaka til at dei amerikanske bokkjempene vaklar er ifølgje avisa eit stadig aukande boksal på nett og distribusjon av e-bøker.

Ifølge bransjeorganisasjonen The Association of American Publishers var auken i salet av e-bøker i årets to første månadar på 169 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Analyseselskapet Forrester trur det vil vere 82 millionar leserbrett i USA i 2015.

Utviklinga i USA skil seg diametralt frå vårt eige land. Barnes & Noble har sidan 2004 lagt ned 135 bokhandlarar, mens det her i landet har kome til 30 nye bokhandlarar.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar