Lille land – hva nå?

Thursday 3. November 2011, kl 1125

I motsetnad til mediesirkuset i fjor vår då Apple lanserte lesebrettet ipad, blei salet av norskspråklege e-bøker sett i gang i det stille for få veker sidan. Bok & samfunn har vore i kontakt med Apple for å høyre kor mykje dei har selt så langt, men det spørsmålet vil dei ikkje svare på. Likevel veit vi at katalogen på få veker er oppe i 300 titlar. TNS Gallup har også gjort undersøkingar som viser at 400.000 nordmenn har skaffa seg ipad, og at 600.000 nordmenn har iphone. Til begge desse kan ein sjølvsagt laste ned e-bøker. Sjur Mossige frå […]

I motsetnad til mediesirkuset i fjor vår då Apple lanserte lesebrettet ipad, blei salet av norskspråklege e-bøker sett i gang i det stille for få veker sidan. Bok & samfunn har vore i kontakt med Apple for å høyre kor mykje dei har selt så langt, men det spørsmålet vil dei ikkje svare på. Likevel veit vi at katalogen på få veker er oppe i 300 titlar. TNS Gallup har også gjort undersøkingar som viser at 400.000 nordmenn har skaffa seg ipad, og at 600.000 nordmenn har iphone. Til begge desse kan ein sjølvsagt laste ned e-bøker. Sjur Mossige frå distributøren Ebok Norden arbeider tett med Apple, og fortel at Ebok Norden har signert med 42 forlag så langt. Det er omlag det same som den norskeigde Bokskya har fått til på seks månadar.

Salet gjennom iBookstore får oss til å tenke på tidlegare utanriksminister Knut Frydenlund som i 1982 kom med boka «Lille land – hva nå?». Boka er ein refleksjon over norsk utanrikspolitikk og har såleis lite med digitalisering av bokbransjen å gjere. Likevel er spørsmålet Frydenlund stiller aktuelt også i vår tid, og for vår bransje.

Når det gjeld bokbransjens eiga satsing, Bokskya, har dei selt 11.000 e-bøker sidan april. Det er ikkje veldig mange bøker på seks månadar. No har toppsjefen, Edmund Austigard, hatt sin siste arbeidsdag før han går til Samlaget som ny forlagsdirektør. Styreleiar Sindre Guldvog seier til Bok & samfunn at dei arbeider med å få plass ein etterfølgjar.

Den tredje aktøren i denne marknaden, sveitsiske Emviem, har det ikkje vore mogleg å få kontakt med. Også dei har etterkvart signert med mange norske forlag.

Samstundes er det interessant å legge merke til at verdas største bokhandel, amerikanske Amazon, seier nei til å selje norskspråklege e-bøker. Truleg fordi det norske språkområdet blir for smått i meir kommersiell forstand, på dette stadiet i utviklinga.

At Apple no er på plass også i den norske bokheimen, produserer etter vårt syn fleire spørsmål enn svar. Utviklinga er interessant også i påvente av dei tre utgreiingane regjeringa har bestilt om norsk litteraturpolitikk i åra framover. Den dagen rapportane ligg på bordet, startar for alvor diskusjonen om boklov med fastpris som kjerne.

here

zp8497586rq
Del denne artikkelen på:

2 kommentarer til «Lille land – hva nå?»

  1. […] med iBooks er altså et helt nytt konsept, og med litt fart på salget i starten, kan man kanskje komme inn […]