Ap vil erstatte bransjeavtalen med ei eiga boklov.
Gunn Karin Gjul frå Arbeidarpartiet er ingen kven som helst i norsk kulturpolitikk. Som leiar for kulturkomiteen på Stortinget har ho mykje potensiell bokmakt. Fordi ho representerer fleirtalet under dei rådande forhold er ho ei viktig dame for oss som er glad i bøker. Difor er det interessant å registrere at komitéleiaren vil erstatte bransjeavtalen med ei eiga boklov. Slik vil ho hindre priskrig på bøker, og sørgje for meir stabilitet. No vil ho be kulturministeren setje ned eit utval som skal arbeide fram ei slik lov.
Vår kjennskap til norsk politikk tilseier at dette utspelet høgst truleg var klarert med kulturminister Annikken Huitfeldt før vi kunne lese om det i Dagbladet. Difor trur vi dette er meir enn ein prøveballong, og vi registrerer at debatten i etterkant har vore livleg.
Både Forleggarforeininga og Bokhandlarforeininga har reagert positivt på framlegget. Det same gjeld så ulike posisjonar i det politiske feltet som Framstegspartiet og SV. Frå Forfattarforeininga kjem det også godord. Når i tillegg den einslege svala forleggar Arve Juritzen også er glad, er mykje gjort.
Frå Bok & samfunn si side delar vi denne optimismen. Vi ser dette som eit av dei mest prisverdige og viktige initiativa som er tatt sidan innkjøpsordninga såg dagens lys. Endeleg kjem Noreg etter. Alle dei store kulturlanda i Europa – åtte i talet – har løfta litteraturen og boka ut av næringslivstenkinga og inn på arenaen for kunnskap og kultur, der eit visst nivå av grunnleggande infrastruktur støttar konkurransen på rettferdige vilkår for den einskilde boka og forfattaren. På den måten oppnår vi mangfald og kvalitet og er i stand til å møte ny teknologi med ope sinn.
Så gjenstår det å sjå kva som er symbolpolitikk og kva som er realpolitikk i forslaget frå Arbeidarpartiet. Lovarbeid er tidkrevjande arbeid, og det er på ingen måte sikkert at ei ny boklov kan bankast gjennom før inneverande stortingsperiode er over. Lova må førast i pennen av juristane i regjeringskvartalet og sendast på høyring før ho når Stortinget. Innan det skjer kan dei raudgrøne ha mista fleirtalet i nasjonalforsamlinga. Likevel håpar vi framlegget blir levandegjort, og ikkje hamnar på det politiske mørkeloftet saman med alle dei andre kasserte medieutspela vi har sett så mange av tidlegare. Ei slik lov er viktig for bransjen og ho er viktig for landet, om vi også i framtida skal kunne kalle oss for ein kulturnasjon.









