Maria Amelie manglar bankkonto

onsdag 19. januar 2011, kl 1210

Maria Amelie kan tene ein halv million kroner på boka «Ulovlig norsk». Men ho har ingen bankkonto pengane kan overførast til.

Førsteopplaget på 5.000 kopiar av Maria Amelies bok er utselt, melder Aftenposten. No er Pax Forlag i ferd med å trykke yttarlegare 8.000 kopiar av boka. Dersom andreopplaget også blir selt ut, vil Maria Amelie tene omkring ein halv million kroner, skriv Dagens Næringsliv.

Men fordi forfattaren ikkje har identifikasjonspapir, har ho heller ikkje bankkonto. Derfor har ho heller ikkje mottatt ei einaste krone for boka som kom i fjor haust.

Forlagssjef Astrid de Vibe seier dei har vore i kontakt med Maria Amelies advokat for å høyre om dei kan setje inn pengar på advokatens klientkonto. Dette vil dei gjere dersom dei får klarsignal frå advokaten.

Det vanlege er at forlaget sender pengar til forfattaren eller agenten, anten ho bur i Noreg eller utlandet. Skatt blir derfor eit tema mellom forfattaren og landet ho bur i.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Én kommentar til «Maria Amelie manglar bankkonto»

  1. Børre sier:

    Madina Salamova som hun egentlig heter bør få bankkonto slik at pengene hun har snodd til seg mens hun urettmessig har bodd i Norge og opptatt studieplassen for andre, kan betales tilbake til Lånekasse og andre hun skylder så mye.

Skriv en kommentar