Bjarte Daviknes Klakegg debuterer med kortprosa-samlinga «Heliumhjarte», der lesaren blir dradd inn i avgjerande episodar i livet til vanlege folk. – Eg føler meg som ein heldig person, som har fått det til å klaffe: Å få gitt ut ei bok ved sidan av eit yrkesliv, seier han.

Bjarte Klakegg Daviknes har allereie «åtvara» forlaget om at det kanskje kjem ei kortprosasamling til. (Foto: Bernt Renè Synnevåg)
– Det er ein tittel som har følgt meg i snart fem år. Som student på grafisk design skulle eg lage eit fiktivt bokomslag med dertil høyrande tittel og omslagstekst. Eg kokte saman omrisset av ei handling, boka skulle handle om ein gut som i vaksen alder oppdaga at han var adoptert, og som i den oppdaginga merka at han byrja å drive bort frå adoptivforeldra – som om hjartet hans skulle vere fylt med helium. Derav tittelen «Heliumhjarte». Eg bossa historia ganske fort, men tok med meg tittelen vidare. Eg fann ut at den kunne passe bra på ein del av materialet eg allereie hadde skrive, og valde å fortsette med den som strukturerande element. Boka mi startar med ein oppdikta trepunkts definisjon av kva eit heliumhjarte er, og i alle historiene i boka har eg prøvd å skrive inn ein av desse tre deldefinisjonane.
– Historiene dine går føre seg på mange ulike stader, som Bergen, Nuuk på Grønland, Edinburgh osv. Kva ligg bak valet av dei ulike stadane – og har du sjølv besøkt dei fleste av dei?
– Nokre av historiene er sterkt knytte til sine geografiske plasseringar og kunne ikkje skjedd andre stader. Andre historier kunne ha skjedd kvar som helst. Etter å ha skrive ei historie som finn stad i Den internasjonale romstasjonen, arbeidde eg etterkvart ut i frå ein tanke om å starte ute i verdsrommet, slik som amerikanske filmar på 80- og 90-talet ofte gjorde, for så å zoome meg inn på eit kontinent, eit land, ein by, og til slutt eit enkeltmenneske. For å så skifte fokus, hoppe ut og inn ein annan stad på jorda, til eit anna menneske. Dette er ein tanke som ikkje er skrive ut i boka, men som var ein grei måte å jobbe på. Vidare har eg prøvd, men ikkje heilt klart, å halde meg unna hovudstadar og konsentrert meg om «andre-» og «tredjebyar», dvs. større byar som ikkje er hovudstader. Med den geografiske spreiinga håpar eg å fram det universelle ved problema som personane i boka sliter med.
– Av dei 18 stadane som er nemnd i boka bur eg i den eine, og har besøkt seks av dei øvrige, ingen av dei i samband med dette prosjektet.
– Kva var den største utfordringa under skrivinga?
– Der var to utfordringar. Det eine var å finne tid og overskot til å skrive ved sidan av ein krevjande fulltidsjobb. Det andre var å få historiene til å bli gode nok. Manuskriptet som vart antatt bestod stort sett av «snapshot»-historier, korte glimt av hendingar i ulike liv. Undervegs fekk eg tydelege signal frå forlaget om at dei ønskte at det skulle skje noko meir i historiene, anten i form av ytre hendingar, eller at lesaren fekk større innblikk i personane sine indre – at det skjedde ei utvikling. Med ferdig bok i handa er eg glad for at eg vart pressa på dette punktet.
– Kritikaren i Studvest skriv: «Som vellykket forfatter av korte historier, overbeviser Daviknes Klakegg om at han kan lykkes med større prosjekter». Har du eit større prosjekt på gang?
– Eg har eit nytt prosjekt på gang, men om det blir eit «større prosjekt» er eg ikkje så sikker på. Eg har ikkje kome skikkeleg i gang med skrivinga endå, eg driv framleis og samlar idear. Eg har åtvara forlaget om at det kanskje kjem ei kortprosasamling til. Eg har til no ikkje klart å styre prosessen så sterkt. Når eg skriv kjem historiene av seg sjølve, og dei blir som regel nokså korte. Eg vil nok prøve å skrive lengre denne gongen, men om eg klarer å strekke meg til ei novellesamling, eller endå lengre, til ein roman, det veit eg ikkje endå. Men ein ting er sikkert: det blir ikkje eit monster av ein roman, til det er skrivestilen min for knapp.
– Trur du det at du ikkje har skrive ein tradisjonell roman gjer at boka di blir mindre synleg i media og i bokhandelen?
– Eg trudde det på førehand. Nynorsk kortprosa er vel ikkje det som vekker størst oppsikt, korkje hos media eller hos lesarane. Sjølv visste eg ikkje heilt kva eg skulle grue meg mest til: eventuell kritikarslakt, eller at boka mi skulle forsvinne inn i forgløyminga. No kan eg puste ut og slå fast at ingen av desse har slått til, endå. Eg har til mi overrasking fått ganske mykje merksemd, både bokmeldingar og intervju, sjølv om det for det meste er snakk om lokal- og regionsmedia. Kortprosa blir ofte rekna som første prøvesteinen, noko innhaldet i bokmeldingane hittil også viser, med eit pliktløp som går til romanen via novellesamlinga. Ut i frå den ståstaden kan det vere naturleg å tenke at media avventar til eg har modna som forfattar og fått «skrive meg opp» til romanformatet. Eg ville tru at media og bokhandelen til ein viss grad går hand i hand her. Utan bokmelding i dei større avisene, vil det vere vanskeleg for ein ukjend forfattar å få særleg merksemd i bokhandelen.
– Korleis gjekk det til at du blei forfattar?
– Eg har hatt god tid på meg. Eg byrja med å skrive små, aforismeaktige dikt i 18-årsalderen. I 20-årsalderen vart eg overtalt av ein kamerat til å sende inn ein bunke av desse. Eg vart sjølvsagt refusert. Men eg fortsette å skrive. Oktober 2000 vart eg til mi store overrasking kåra til «Månedens Poetikon» på Dagbladets Poetikonsider, etter å ha sendt inn eit dikt. Premien var ei valfri bok, men viktigare for meg var juryen si grunngjeving, der det mellom anna stod at det låg ei særeiga stemme i diktet. Dette var bensinen min skrivemotor trengde. Eg glei etterkvart over til kortprosa-formatet, og sende inn eit nytt manuskript til tre forlag eit par år seinare. Det vart refusert av samtlige. Men avslaget frå Samlaget skilde seg ut, med si grundige utgreiing om kva som var bra og kva som var dårleg med manuskriptet. Der og då bestemte eg meg for å rette all mi merksemd mot å få antatt eit manuskript hos Samlaget. Januar 2008 sende eg inn eit heilt nytt manuskript til dei, vart innkalla til manuskriptseminar, og eit par dagar og ein kort telefonsamtale seinare var eg antatt.
– Og korleis kjennes det å vere forfattar?
– Eg skal ikkje gå inn i diskusjonen om kor mange bøker ein må ha skrive for å kunne kalle seg forfattar. Eg føler meg meir som ein heldig person, som har fått det til å klaffe: å få gitt ut ei bok ved sidan av eit yrkesliv. Uansett er det prosessen fram til ferdig manuskript som har vore det finaste for meg. Alt som har skjedd etterpå har eg hatt eit litt distansert forhold til. Å få førsteutgåva i handa, å stå i bokhandelen og sjå boka mi i bokhylla for første gong, stunder som eg hadde sett fram til med stor glede, det kjendes skuffande lite spektakulært. Boka mi var ei bok blant alle dei andre bøkene, det kunne vere kven som helst som hadde skrive ho. Eg skjønar kva forfattarar meiner med at bøkene lever sine eigne liv når dei er ferdigskrivne. Eg måtte konsentrere meg for å hente boka inn igjen, eg skulle trass alt lese frå ho i forskjellige tilstellingar. Det er mitt neste prosjekt som er interessant for meg no. Det er det eg ønskar å fylle hovudet mitt med, sjølv om «Heliumhjarte» skuggar litt, sjølv om det akkurat no kan vere litt vanskeleg å få satt seg ned og jobba ut dei forhåpentligvis gode ideane.
– Nemn ei bok som har betydd spesielt mykje for deg
– Det må bli Naja Marie Aidt si novellesamling «Bavian». Eg las ho i påska i år, på oppløpssida av mitt eige manuskript, og ho tok nesten pusten i frå meg. Så mørk og klaustrofobisk, og samstundes så vakker. Eg las, la den i frå meg, og måtte plukke den opp igjen fleire gonger. Særleg novella «Store trærs grønne mørke» måtte eg berre lese om og om igjen. Boka fekk meg til å innsjå at eg måtte strekke meg lenger med mitt eige prosjekt. Ikkje at eg samanliknar meg med vinnaren av Nordisk Råds Litteraturpris i 2008, men språket og stemninga i boka gav meg noko å strekke meg etter.
Stikkord: debutanter, forfatterintervju












