Meiner bokbransjen bør lære av platebransjen

tirsdag 26. april 2011, kl 0915

BI-amanuensis Espen Andersen, meiner bokbransjen bør lære av platebransjen, og finne meir fornuftige og billegare måtar å drive e-bokhandel på.

Det er i siste nummer av Teknisk Ukeblad at amanuensisen tenkjer høgt om utviklinga for e-boka.

Espen Andersen meiner ingenting endrar verda som teknologi, og at ein ikkje kan utvikle verksemder i dag utan å forstå denne utviklinga. – Heldigvis er det mange som har skjønt det og at ein ikkje nødvendigvis treng å forstå språket til teknologane for å sjå inn i framtida. Eit godt døme for tida er forlaga og måten dei handterer e-bøker på. Dette er jo ikkje vanskeleg, men det ser ut som dei har ein plan om å gjere alle dei same feila som andre bransjar allereie har gjort.

Andersen meiner forlaga bør sjå meir nøye på musikkbransjen.

– Musikarane har i snitt auka inntekta med 66 prosent dei siste ti åra. Frå konsertar, Tono-avgifter og andre kjelder. Platesalet gir dei berre 15 prosent margin og det betyr ikkje så mykje lenger. Forlaga ryggar inn i framtida. Dei har kjøpt opp bokhandlane, som kan samanliknast med platebutikkar, og insisterer på at dei skal ha 30 prosent også. Dei har altså gjenskapt den fysiske verda i cyberspace. Kvifor? Med det monopolet dei har vil dei nok leve til nokon finn på ein meir fornuftig og mykje billegare måte å drive e-bokhandel på. Snur dei ikkje på flisa, trur eg at dei store forlagas største aktivum om fem år er dei flotte lokala dei har midt i Oslo sentrum.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar