Norli og Libris får fusjonere

fredag 18. mars 2011, kl 0850

Konkurransetilsynet har fatta vedtak om at fusjonen mellom Norli Gruppen AS og NorgesGruppen Bok og Papir AS blir tillaten, men på vilkår som det heiter i pressemeldinga.

Etter tilsynets vurdering vil fusjonen medføre svekka konkurranse innan sal av bøker frå fysiske allmennbokhandlarar i Trondheim, Kristiansand, Drammen, Kongsberg, Lillehammer, Haugesund og Levanger.

For å sikre fortsatt konkurranse i desse marknadane etter fusjonen pålegg tilsynet partane å kvitte seg med sju bokhandlarar i desse byane.

Det er Konkurransetilsynet sjølv som melder dette på sine heimesider.

Fusjonen betyr at norsk bokhandel med dette har fått ein aktør som i storleik er dobbelt så stor som nummer to på lista.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar