«I krig og kjærleik» av Ragnhild Kolden er valt til månadens debutbok i Norli i november. Forfattaren er sjølv bokhandlar.
Juryen i Norli seier boka er «ei truverdig kjærleikshistorie verdig eit Hollywood-lerret.» I kåringa legg dei vekt på Koldens nye blikk på dei som valde ei anna side under krigen: «Fordi motstandsrørsla er ein så viktig del av den nasjonale identiteten vår, er det sterkt å oppleve eit nytt blikk på jøssingane. Språket er ordrikt og slutten klarar du aldri å føresjå.»
Gjennom kåringa får Koldens bok stor eksponering i alle Norli-butikkane.
Ragnhild Koldens debutroman handlar om eit ungt norsk par som blir gestapoagentar under krigen.
– Eg vil at lesaren skal tenkje «kunne det vore meg?», seier Kolden
Ragnhild Kolden (54) som er oppvoksen i Bøverdalen i Lom, er til dagleg avdelingsleiar i Akademika bokhandel på Blindern i Oslo. Det kontroversielle temaet i romanen hennar som er utgitt på Samlaget, er eit resultat av stor historieinteresse. I tillegg ønskjer Kolden å opne for refleksjonar rundt polariseringa mellom snille heltar og slemme landssvikarar under krigen.
Månadens debutant blir automatisk nominert til Norli debutantpris, der vinnaren skal kårast gjennom ei avstemming blant dei tilsette i Norli. Dette er eit ledd i bokhandelkjedens arbeid med å fremme debutantar.








