Maria Parrs roman «Tonje Glimmerdal», som nett er utkomen på Samlaget, har allereie skapt oppsikt i utlandet.
Forlag i Tyskland, Belgia, Sverige, Frankrike og Russland har alle sikra seg omsetjarrettane til boka.
Det er sjeldan barnebokdebutantar får så mykje merksemd i utlandet som Maria Parr fekk for romanen «Vaffelhjarte» i 2005. I tillegg til Brage-nominasjon her heime, blei boka seld til forlag i Sverige, Frankrike, Belgia, Russland, Polen og Tyskland.
– Det er uhyre sjeldan at ein debutant får slikt internasjonalt gjennomslag som Maria Parr har fått med «Vaffelhjarte», og som vi ser er i ferd med å skje med «Tonje Glimmerdal», alt før boka kom ut i Norge. Dette er stort å få vere med på, seier barne- og ungdomsredaktør Ragnfrid Trohaug i Samlaget.
Stikkord: barnebøker








