Ny forlagssjef i Samlaget

tirsdag 8. november 2011, kl 1125

Stillinga inneber overordna ansvar for redaksjonell utvikling, produksjon og marknadsføring. Kolmannskog er i dag forlagssjef i Forlaget Manifest, som han var med på å starte opp for fem år sidan. Under hans leiing har Forlaget Manifest blitt eit markert og leiande forlag for debattbøker og engasjert sakprosa. Kolmannskog har før dette vore kronikk- og debattredaktør i Klassekampen. Han er tidlegare leiar i Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag.

- Dette var ein sjanse eg ikkje kunne takke nei til. Eg har tidlegare arbeidd i Samlaget og veit at forlaget har svært dyktige tilsette, forfattarar av høg kvalitet og ein inkluderande og kreativ kultur, som eg gler meg til å bli ein del av. Det blir inspirerande å vere med å vidareutvikle både litteraturen, forfattarskap og nynorskens posisjon, seier Kolmannskog.

Kolmannskog startar i jobben i august 2012. I mellomtida skal han ha foreldrepermisjon. Anne Liv Tresselt som no fungerer i stillinga som forlagssjef, vil forsette med det til Kolmannskog er på plass.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar