Nye tal frå Norli-Libris

mandag 31. januar 2011, kl 1215

Den planlagte fusjonen mellom Norli og Libris lar vente på seg.

Det er framleis uvisst om Konkurransetilsynet kjem til å gripe inn mot den planlagde fusjonen mellom Norli og Libris. Avgjerda kjem truleg i midten av februar.

I siste nummer av papirutgåva til Bok & samfunn seier den tidlegare sjeføkonomen i tilsynet, professor Tommy Staahl Gabrielsen, at bransjeavtalen om fastpris kan stoppe fusjonen. Resonnementet er at bransjeavtalen har ført til mindre konkurranse i bokbransjen. Dersom fusjonen mellom Norli og Libris gir enno mindre konkurranse, aukar sjansen for at tilsynet set foten ned. Vi skriv at den nye aktøren vil få ein marknadsdel på heile 44 prosent.

I underkant av 35 prosent
Kjededirektør Morten Aas i Libris seier tala frå Konkurransetilsynet som er trykt i siste nummer av Bok & samfunn, er forelda:

- Våre overslag viser at det riktige talet er i underkant av 35 prosent, og ikkje 44 som Bok & samfunn skriv. Aas understrekar at det gamle talet skriv seg frå 2006, og at det sidan den gong har vore omfattande endringar i butikkmassen i begge kjedane, samt eit utsal av heile skulebokengasjementet til Norli, som då var inklusive i Norli tala.

Tala Konkuransetilsynet no forheld seg til i følgje Aas, baserer seg på situasjonen i 2009 og viser ein slik situasjon:

Total marknadsdel av alle bøker i alle kanalar er berekna til 17 prosent
Marknadsdel for allmenn litteratur inkl. fag er berekna til 33,5 prosent
Marknadsdel for bøker i gruppe 3 og 4 er berekna til 38 prosent

Skulebokdelen gjeld berre for Libris, ettersom BSNorli er selt ut av Norli. Overslaget for denne bokgruppa er ca 25 prosent

Den berekna totale marknadsdelen for Norli-Libris i bokhandelbransjen er dermed i underkant av 35 prosent, ifølgje Aas.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Én kommentar til «Nye tal frå Norli-Libris»

  1. Leseren sier:

    For all del, håper konkurransetilsynet gjør noe med dette.

Skriv en kommentar