Forlaget Oktober er best likt blant norske forfattarar. Det viser ei undersøkjing Den norske Forfattarforeininga har gjennomført blant medlemmene sine. 34 prosent av dei spurte ville gått til Oktober om dei kunne.
Deretter kjem Cappelen Damm og Kolon, som begge får ein oppslutnad på ti prosent, mens berre åtte prosent av dei spurte ville valt Gyldendal eller Aschehoug som nytt forlag, skriv Dagens Næringsliv.
Geir Berdahl (65), som har vore forlagssjef i Oktober dei siste 32 åra, er glad for resultatet.
- Men det er litt vanskeleg at så mange forfattarar vil hit. Vi merkar det. Det er mange ulike forfattarar som tar kontakt, seier Berdahl, som trur forfattarane vil til Oktober fordi dei behandlar forfattarane sine så godt.
Forlaget har dei siste åra hatt mange av dei mestseljande forfattarane i stallen sin, mellom andre Per Petterson, Karl Ove Knausgård, Anne B. Ragde, Dag Solstad, Tore Renberg, Linn Ullmann, Edvard Hoem, Hanne Ørstavik og Jon Michelet.
Forlagsdirektør Einar Ibenholt i Gyldendal Litteratur seier han ikkje er nøgd med resultatet av undersøkjinga.
- Vi har ei utfordring, og tar desse undersøkjingane alvorleg. Vi vil bruke denne undersøkjinga til å bli betre, seier Ibenholt, som ikkje er overraska over at Oktober har ei såpass sterk stilling blant forfattarane.








