Penguin med Neil Young-biografi

onsdag 21. september 2011, kl 0853

Neil Young er den førebels siste store rockestjerna som varslar at han kjem med memoarane sine.

Det er britiske Bookseller som melder dette på nettsidene sine.

Forleggaren til den tidlegare gitaristen i Buffalo Springfield, seier den førebelse tittelen på boka er Waging Heavy Peace, og at boka kjem ut på Blue Rider Press, som er eit imprint av Penguin Group USA. Boka skal vere klar til neste haust. Forleggar Tony Lacey seier dette om boka:

- Neil Young har laga fantastisk musikk i meir enn førti år og påverknaden hans går djupt gjennom fleire generasjonar. Det er eit privilegium for oss å få gje ut memoarane hans.

Forleggaren fortel at dei har lese omlag 40.000 ord han har skrive så langt. Teksten omhandlar samtida og bakover. Han skriv om forholdet til far sin, banda han spelte i på 70- og 80-talet, dop, og om då han kjøpte ranchen sin nord i California.

Neil Young er ein singer-songwriter frå Canada, som er fødd i 1945. Dei mest kjente platene hans er Harvest, Rust Never Sleeps og After the Goldrush. Han har også vore i studio med Crosby, Stills and Nash, Pearl Jam og Emmylou Harris.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar