Per Kristiansen er Anonym

tirsdag 24. mai 2011, kl 0926

Anonyme Per Kristiansen står fram som Anonym.

Foto: Kagge Forlag

Forfattaren har skrive trilogien Kongepudler, Kindereggeffekten og Klassekamerater.

Romanane handlar om samrøret mellom menneske med makt i politikken, næringslivet, kulturlivet, media, kommunikasjonsbransjen og kongehuset. Det er Kagge Forlag som har gitt ut desse bøkene.

Siste og fjerde bok Mordet på Anonym er eit historisk tilbakeblikk på korleis kongepuddeltrilogien er mottatt. Samla opplag for Anonyms fire bøker er på 87.000 kopiar ifølgje VG.

Mange har spekulert i kven som har skrive bøkene, og no er altså namnet avslørt. Vi er mange som ikkje har høyrt om Per Kristiansen, men etter dagens pressekonferanse kan ingen hevde at Per Kristiansen er særleg anonym lenger.

Per Kristiansen er frilansjournalist og fast tekstleverandør til NRK P2s satireprogram Hallo i uken, dei siste 15 åra.

Tilfeldige saker

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar