Piratane er her

Monday 23. May 2011, kl 1230

Dei første norske e-bøkene er tilgjengelege på The Pirate Bay.

Kulturminister Anniken Huitfeldt vil revidere åndsverklova for å kunne stenge nettstadar som The Pirate Bay. Dette er sjølvsagt ei gladmelding for kulturbransjen som blør med den teknologiske utviklinga. Mange av oss har venta på at regjeringa skulle kome opp med eit meir tidsriktig lovverk, og no ser det altså ut til at vi får det.

Under bokmessa i London tidlegare i vår snakka vi med fleire forleggarar som er livredde for den Oskoreia dei ser kome. Vi forstår dei godt, for framtida ser langt i frå lys ut. Difor brukar Bok & samfunn mykje spalteplass på den nye digitale kriminaliteten i nummeret som er på veg ut til abonnentane våre.

Ser ein over gjerdet til platebransjen er fasiten at dei har halvert omsetnaden det siste desenniet. Årsaka er digitalisering, eller meir presist piratkopiering. Ifølgje bransjen sjølv kopierer nordmenn ein milliard låtar ulovleg årleg. Artistane har løyst dette med å turnere meir. For norske forfattarar blir det ikkje meir brød på bordet av den medisinen.

Snart to månadar etter at den norske e-bokløysinga opna salet, er fleire norske e-bøker tilgjengelege på The Pirate Bay. Situasjonen er ganske bekymringsfull, og for lydbøker er stoda endå verre. Ein tar seg i å lengte etter ein vestlandsk emissær frå mellomkrigstida som kunne møtt utviklinga med moralsk opprustning, men ettersom moralisme ikkje er ein del av tidas melodi, fell slike tankar sjølvsagt på steingrunn.

Ein skal ikkje vere stor spåmann for å skjøne at bokbransjen har kurs mot dårleg vêr. Historia om piratkopiering er forteljinga om vatn som renn. Kva har så platebransjen gjort for å møte denne utviklinga? Dei har halvert prisane på nett samanlikna med pris i fysisk butikk. I tillegg har dei brukt betydelege ressursar på å gjere nettsalet meir brukarvenleg. Målet har vore å gjere musikken så tilgjengeleg at piratkopiering ikkje lenger har noko føre seg. Dette er truleg ein fruktbar veg også for bokbransjen, men det blir ei tornefull reise, særleg for forfattarstanden.

Bokbransjen blir skulda for å ville bremse den teknologiske utviklinga. Til dei sjølvutnemnde profetane som snakkar om ein gratisøkonomi på nettet og viftar med det marknadsliberalistiske mantraet, fordi eg fortener det, er det freistande å svare at for oss som er glade i bøker representerer piratane det motsette av sivilisasjon.

Del denne artikkelen på:

Skriv en kommentar