Språkprisen 2009 gikk til Stephen Walton for framifrå nynorsk i sakprosa. «Den nynorske prisvinnaren er ei bevisst og tydeleg forfattarstemme i norsk sakprosa», meiner juryen.
Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Vinnarane får 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar.
Juryen skriv mellom anna dette om prisvinnaren Stephen Walton:
«Den nynorske prisvinnaren er ei bevisst og tydeleg forfattarstemme i norsk sakprosa. Gjennom to større arbeid dei siste fire åra har han vist at han kan utnytte mangfaldet i det nynorske språket i prosa. Han er akademisk og folkeleg, sakleg og personleg, nyskapande og tradisjonssikker.»
Stephen Walton får prisen for bøkene «Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle» (2006) og «Skaff deg eit liv. Om biografi» (2008).
Språkprisen 2009 for framifrå bokmål i norsk sakprosa gjekk til bokprosjektet «Flerspråklighet i skolen» ved redaktøren, Rita Hvistendahl.
Ove Eide, Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye sit i juryen for Språkprisen.








